fredag 24. november 2017

Kjekt kurs med Grete Gulliksen Moe!

Sist helg hadde vi eit kjekt kurs med Grete Gulliksen Moe. Ho har hittil skrive 19 bøker om tekstilarbeid, og på dette kurset tok ho utgangspunkt i mange av modellane i siste boka "Kult å sy".

I to heile dagar kosa vi oss med å sy i ulike teknikkar, vi fekk mange gode tips om både stoffkvalitetar og korleis vi skal få til perfekte resultat.

Her er bilder frå helga:









 Bilda over her er av Grete sine modellar.



 Søm av "Square in a square".



 Her fekk vi lære korleis vi lagar perfekte hjørner på rammer rundt ei midtblokk.











Frå boka "Fargeglade lapper".























Takk til kursengel Eli for god servering!