lørdag 11. november 2017

Snart kurshelg!!

No gleder vi oss til ei flott kurshelg!! Om ei veke, 18. og 19.11,  er vi samla til eit kjekt kurs med
Grete Gulliksen Moe!!

Og vi har att nokre få ledige plassar om nokon no vil melde seg på!! Ta kontakt med Ingun om du vil være med!!

I klubben vår har vi tradisjon for å ha eit helgakurs når det nærmar seg jul. Nokre år kallar vi det for "julekurs" med modeller som passar til jul, men av erfaring så syr vi "både og"!!

Vi har ikkje kalla dette for julekurs, men det er til slutt valet av stoff som viser om det vart noko som er typisk jul!!

Grete vil lære oss fleire ting på dette helgakurset:


  • Vi skal sy på Rasterquick, eit vliselinliknande stoff med rutemønster eller trekantmønster på. Ved å bruke dette til "mal", så får vi perfekt resultat! Her kan vi bruke stoff slik som modellen ho tek utgangspunkt i, bildet under her, eller vi kan velje stoff i "julefargar" og lage løpar, veggbilde eller puter. 
  • Du står heilt fritt i kva du vil lage, det er teknikken vi får lære!!
 Dette bildet er funne på sida til "Nittedal quiltelag", det heiter "Ringblomster" og er ein modell frå ei av bøkene til Grete.

Grete er glad i friske fargar, og vi gleder oss til å få god rettleiing av henne i val av fargar i quiltar. Ho vil også ta føre seg fargelære i foredraget ho skal ha fredag 17.11. (Er på Stokkenes Gjestegard kl 18.30 og er eit arrangement som er ope for alle!!)

  • På kurset skal vi også lage noko "småtterier", vi ser føre oss desse flotte nåleputene i ull som ho har laga. Her kan det bli laga mange små "Skattar" som vi kan lage som julegåver????   Det er jammen godt at kurset er i november så vi rekk å lage julegåver etterpå!! Dette gleder vi oss veldig til!!!


  • Grete skal ha "nåleputekurs" på årsmøtet til Norsk Quilteforbund i 2018, dette skriv ho om kurset:

Jeg elsker nåleputer i alle varianter og har laget mange forskjellige utgaver gjennom 30 år som forfatter og tekstildesigner. Nåleputer i bomull, silke og ull. Nåleputer sydd over papp (English Paper Piecing). Nåleputer i rare former – og nåleputer av enkle blokker, der noen er sydd på Rasterquick fra Vlieselin.

  • På kurset syr vi nåleputer i ull. Vi bruker tynne ullstoffer, f.eks. rester fra bunadssøm og vi leker oss med broderisting og ullgarn/lingarn i mange varianter.
Då ynskjer vi velkommen til kurset neste helg! Dei som er påmelde vil få tilsendt info om kva de treng å ha med, men iallefall treng du Rasterquick!!


Ingen kommentarer: