lørdag 18. november 2017

Ein fredagskveld med Grete!!

Vi har hatt ein flott inspirasjonskveld med foredrag av Grete Gulliksen Moe! Her var det mange gode tips å få om både sying, fargar, stoffkvalitetar og gjenbruk!

Ho tok føre seg modellar frå dei to siste bøkene samtidig som ho viste fram bøkene. Veldig kjekt å få konkrete modellar knytt til mønster og idear i bøkene, samtidig som vi fekk historier rundt mange av modellane. Her var det både familiehistorier, opplevingar og erfaringar frå reiser i utlandet. Takk til Grete for ein flott kveld, anbefales til andre quiltelag!!

Bilda under er av nokre av modellane ho viste.


 Grete fortalde at ho likar det enkle, kvifor ikkje hente motiv til stitchery frå "dei nære"?? Slike barnetegningar frå td. barnebarn er då mykje meir verdifullt enn kjøpte ameriaknske mønster!!











Eitt av teppa som vart sydd av ca 10 gamle skjorter kjøpt på loppemarked!! Ho tipsa også om "putetepper" der det var sydd ei lomme på baksida,....brettar ein i hop teppet og puttar det i lomma, så blir det ei pute!! Smart!







Ingen kommentarer: