mandag 28. mars 2011

Welcome home!

Mønsteret til dette koselige bildet finn du i bladet Quiltposium si utgåve for Spring 2010 s. 129 . HER ligg direktelink til PDF-fil med mønsteret, håper det går ok å få det fram for alle. Viss ikkje må de registrere dykk og gå inn på bladet sine sider. Sjå då info under forige innlegg.

Quilteblad på nett!!

Ei gladnyheit!! Eit nytt quilteblad på nett! QUILTPOSIUM! Det er gratis, har mange sider og du slepp å gå ut av huset ditt for å skaffe deg eit nytt blad!! Ja du les rett! Oppdaga dette på ein blogg i dag, så dette måtte testast ut. Sjølvsagt er ikkje dette som å sitje med bladet i handa, og når bladet er på 184!!!!! sider, så tek det litt tid. Ikkje heilt enkelt å bla fort i slike blad heller..... Minuset er at det er på engelsk, men kanskje det ikkje det gjer så mykje??? For både bilda og tala er "på norsk"!! For å kunne gå inn på sida, må du registrere deg, men det er enkelt og altså gratis. Du lagar deg eit namn og legg inn epostadressa di. Når du har registrert deg, klikkar du på "Read the magazine" i det blå feltet på startsida, der skriv du inn namnet du har registrert deg med, og så er det berre å lese og sjå!! (om du vil lese den vesle skrifta betre, klikk på sida og forstørr ved hjelp av forstørrelsesglaset som ligg i systemet) Om nokon kjenner til fleire slike gratisblad, så må de gje beskjed!! Og når du har lese ferdig dette bladet,.....så er der 6 tidlegare utgåver å sjå i! Du finn dei i margen heilt til venstre på sida! (MEN... kvifor er det ein mann på alle framsidene av dette bladet?????)

fredag 25. mars 2011

Asterisk blokk!

For den som lurer, så er dette ei asterisk blokk, og under her ser du ein Asterisk quilt! Så har vi lært det!! Underteikna har iallefall ikkje høyrt dette namnet før, så vi blir visst aldri utlært i denne store quilteverda. Men det er tydeligvis ikkje noko ny oppfinning, for det finst mange fine quiltar i denne teknikken, det er vel berre slik at ein ser kor fint det ser ut og tenkjer ikkje på namnet.
Dette teppet ser så lekkert og vårleg ut , akkurat det vi treng å nyte synet av no, og kanskje begynne å sy også??? Husk at søndag går vi over til sommartid, og då er det berre å setje i gang og bruke dei lyse fine stoffa!
Desse bilda er lånt frå bloggen "Selvage blog" til amerikanske Karen Griska
Litchfield, Connecticut, United States , HER
finn du alle innlegga ho har laga om denne teknikken.
Ho har også lagt ut bilder og omtale av korleis du syr blokka, du finn det blant innlegga, eller gå direkte HER.

torsdag 24. mars 2011

Endå eit sytips...

Under dagens surfing på bloggar dukka dette flotte tipset opp! På bloggen til LisaSol er ein skråbandbrettar brukt til å lage snorer til ein sydd pose. Takkar henne for tipset!

onsdag 23. mars 2011

Sytips

På bloggen til Leka-quilt er det lagt ut ei flott forklaring til korleis ein syr botnen i ei toalettveske ol.
(bildet er frå bloggen til Leka-quilt)
HER finn du linken.

tirsdag 22. mars 2011

Minner om.....


I DETTE innlegget i februar står det om kursinvitasjonen vi fekk frå naboklubben vår i Gloppen. Det er eit kurs med danske Bettina Andersen og går føre seg 25.-27. mars, altså komande helg. Er du lysten på kurs no i ruskeveret, så er dette ein oppkvikkar for oss syglade. Kontakt klubben snarast om du vil hive deg med!!

Det er mykje truleg at dei enno har ledige plassar!
På heimesida til Bettina Andersen ligg det link til ein video om henne: "På tomannshånd med Bettina Andersen"

Klubbmøte mars 2011













Denne veska er sydd av ein løpar!!



Nydelig kjole!

Mønsteret til denne finn du i Quiltemagasinet nr 1/11



Buggy Barn!

...og Buggy Barn!











Klubbmøte februar 2011






På dette møtet hadde vi med oss vesker til utstilling, her var det både nye og gamle. Kjekt å sjå!
































Sjå kor flott det vert når ein utnyttar fargespelet i balistoff når ein quiltar mønster!