tirsdag 26. februar 2019

Vi har ledige plassar på kurset med Sylvi Ruud!!

8.-10 mars arrangerer vi veskekurs med Sylvi Ruud og vi ser no at vi har 5 ledige plassar!!



Fram til i dag har våre medlemmer hatt førsteretten til å få plass på kurset, men no opnar vi opp for at ALLE kan melde seg på dei 5 siste plassane på vårt kurs. HER finn du meir  bilder og info om kurset.


(bilda er frå Sylvi sin blogg "Syglad")

Vi vil då praktisere "førstemann til mølla" pr telefon til 
kursleiar Ingun Vaksdal på tlf 99482474!!

Kurset startar fredag 8.3 kl 18-21.30, fortset laurdag 9.3 kl 12.30-17 og søndag 10.3 kl 10-15.

Kurset er på Stokkenes Gjestegard på Nordfjordeid og det er kurs med mat/kaffi inkludert. Meir info får du med kursleiar.

Velkommen på kurs!!

Årsmøtekurs!!

No gleder vi oss stort til årets årsmøtekurs som er 8.-10 mars!!

I år har vi Sylvi Ruud som kursholder, og dei fleste har vel no høyrt om henne som ein fantastisk veskedesigner!! Ho tryllar sjølv fram dei flottaste vesker av ulike stoffkvaliteter, skinn, nagler og elles anna som er med på å lage den heilt spesielle veska.  Ho har bloggen Syglad og Facebookside med same namn.
Alle bilda i innlegget her er frå Sylvi si Facebookside.

Vi har hatt Sylvi på kurs på Nordfjordeid tidlegare, på Vestlandstreff som vi arrangerte i 2015, men då var vi arrangørar og hadde ikkje høve til å delta på kurset ho hadde då. På bloggen vår er det lagt ut mange bilder frå det kurset, HER kjem du til det innlegget.

Og som du vil sjå, så er der ikkje to like vesker! Det er akkurat dette som er Sylvi sin styrke som kursholder, ho rettleiar den enkelte til å skape SI veske ut frå ønsker og det materiale kursdeltakeren har med seg! Med andre ord, dette kjem til å bli eit kreativt og godt kurs for dei som vil lære dei gode tipsa til å sy vesker!!



Siste åra har Sylvi halde kurs over heile landet, og vi er no veldig glade for å få henne hit til oss no. Om du ikkje har meldt deg på kurset enno, så har vi 5 ledige plassar att. Ta kontakt med kursansvarlig Ingun for meir info og påmelding på Tlf 99482474.

Velkommen til kurs!!

søndag 24. februar 2019

Velkommen til årsmøte!



ÅRSMØTE!!

Vi ynskjer alle våre medlemmer velkomne til årsmøte på Stokkenes Gjestegard laurdag 9. mars!

Dagen ser slik ut:


  • Årsmøtet starter kl 10.00
  • Vi har vanlege årsmøtesaker
  • Sakliste og årsmelding er sendt på epost/brev, ta med deg dette til årsmøtet!
  • Årsmelding for kurs og rekneskap får du på møtet.
  • Husk å betale kontingenten  seinast 28.2 for å ha stemmerett! 
  • Lotteri med mange fine gevinster.

Etter årsmøtet inviterer vi til "Årsmøtelunsj"   ca kl 12.00 der også deltakarane på "Årsmøtekurset" er invitert.

Vi håpar på godt frammøte!!



lørdag 23. februar 2019

Blokklotteriet til Norsk Quilteforbund!



Kopierer inn tekst som no i dag er lagt ut på sidene til Norsk Quilteforbund.

Dresden plate!

Har du startet å sy til blokklotteriet på årsmøtehelgen i mars?
Se Norsk Quilteblad nr. 4, 2018 side 42–45.
Nå har vi lagt ut maler til blokken Dresden Plate på nqf.no under fanen Norsk Quilteblad, Mønster og maler.

Link til mønstersider HER!


Glidelåstips!

Eit nyttig glidelåstips som du finn  under "Tips og ideer" på sida til bladet MyQuilt!




lørdag 16. februar 2019

Bilder frå Februarmøtet!

På dette møtet hadde vi "nåleputeutstilling" også, bilder av dei finn du i forrige innlegg.

Temaet på møtet var å vise teknikken "Dobbelsidig Quilt" og korleis sy sammen ferdigquilta blokker. Torunn hadde med ein løper der ho viste dette, teknikken lærte vi på eit kurs med Hilde F. Neset for nokre år sidan.  HER er eit innlegg om kurset på bloggen til Haldis.

Sjølve løparen vart sydd slik at den er vendbar, men den spesielle måten å sy sammen blokker, er veldig nyttig både til små quiltar og til store tepper.



 Dette er også sydd slik at det er like fint på begge sider,...Brikkeband!

 Desse bilda viser to ulike tepper, sydd etter mønster frå MyQuilt i 2011. Desse har store blokker som er quilta ferdig først, deretter sydd sammen i same teknikk som på løperen øverst her. Ein veldig smart teknikk!!



 Baksida er like fin!! (bildet over her)









Over: Her er også sammensyingsteknikken brukt!


Som vanleg var det mykje fint å sjå på "Vis og fortel", nyt synet!


(Anne Marie)

Nokre "Rebel-quiltar" frå kurset med Mali i januar.
 (Elna)

 (Haldis)


  Her er linjalen "Mini kurves" brukt.

 Her er linjalen "X-block" brukt.

 Frå kurset "Bladteppe" med Helle.













Linjal frå "Elisas" er brukt her, blokka er vel den som heiter "Drunkards patch".















Frå kurset "Oldemorsruter" med Mona sist haust.



Mange fine stoff i butikken til Primula Design!



 ...og fine modeller!!




Lappestua-Eid hadde også med litt nyttige småvarer for salg.

Takk til matvertane for ein god kaffipause!!