tirsdag 26. februar 2019

Årsmøtekurs!!

No gleder vi oss stort til årets årsmøtekurs som er 8.-10 mars!!

I år har vi Sylvi Ruud som kursholder, og dei fleste har vel no høyrt om henne som ein fantastisk veskedesigner!! Ho tryllar sjølv fram dei flottaste vesker av ulike stoffkvaliteter, skinn, nagler og elles anna som er med på å lage den heilt spesielle veska.  Ho har bloggen Syglad og Facebookside med same namn.
Alle bilda i innlegget her er frå Sylvi si Facebookside.

Vi har hatt Sylvi på kurs på Nordfjordeid tidlegare, på Vestlandstreff som vi arrangerte i 2015, men då var vi arrangørar og hadde ikkje høve til å delta på kurset ho hadde då. På bloggen vår er det lagt ut mange bilder frå det kurset, HER kjem du til det innlegget.

Og som du vil sjå, så er der ikkje to like vesker! Det er akkurat dette som er Sylvi sin styrke som kursholder, ho rettleiar den enkelte til å skape SI veske ut frå ønsker og det materiale kursdeltakeren har med seg! Med andre ord, dette kjem til å bli eit kreativt og godt kurs for dei som vil lære dei gode tipsa til å sy vesker!!



Siste åra har Sylvi halde kurs over heile landet, og vi er no veldig glade for å få henne hit til oss no. Om du ikkje har meldt deg på kurset enno, så har vi 5 ledige plassar att. Ta kontakt med kursansvarlig Ingun for meir info og påmelding på Tlf 99482474.

Velkommen til kurs!!

Ingen kommentarer: