torsdag 27. februar 2025

Vi er 30 år!!

Vi har feirer i år,  vi har 30-årsjubileum!! 

Tenk at vi har halde på så lenge, og vi er framleis ein aktiv klubb! 

Vi har hatt mange store arrangement opp gjennom åra, og no når vi har jubileum, så ynskjer vi å markere dette.

Eit jubileumstreff  med utstilling vart då naturleg for oss å lage til, for vi ynskjer å dele gleda med andre å arbeide med stoff i mange fargar. 

Vi har "ope hus" på Stårheim i Stad kommune søndag 30.mars kl 11-17, med utstilling i Stårheim kyrkje og kafe og butikkar i ungdomshuset rett ved sida av. 

Det er inga påmelding, og gratis inngang begge plassar, så no håper vi på at mange tek turen innom denne dagen. Invitasjon er sendt ut til quiltelag i nordre del av Vestland fylke og Møre og Romsdal, men vi når nok ikkje ut med invitsjon til dei som ikkje er knytt til noko lag. Så difor denne invitasjonen til alle andre også!

Her er plakaten som vi har  laga, treng du meir informasjon så er det berre å ta kontakt med oss!

Tlf. til leiar Torunn F. Utnes: 95924701



lørdag 22. februar 2025

Bilder frå Februarmøtet!

 








Tema på møtet var stitchey, og mange hadde med seg både ferdige og som dei sydde på.

Og som vanleg var det mykje fint å sjå på "Vis og fortel".









Både May Kristin (over) og Torunn (under) Har brukt ferdige panel til desse to flotte teppa. Til det nederste var det brukt 1 panel medan det var brukt 7 til det øverste. Studer effektane dei har fått fram!



































... og det vart jobba med Jubileumsteppet så det kunne sendast til quilting hos Sølvi quiltestudio.


Takk til matvertane for god kaffimat!