søndag 3. mars 2019

Velkommen til quiltemøte!

Tysdag 5. mars  kl 18.30 er det igjen klart for å treffast til ein koselig kveld. Vi ynskjer nye og "gamle" medlemmer velkomne!

Denne gongen har vi tenkt å ha eit litt produktivt møte, og med påska litt fram i tid, så passar det å pusle på med litt koselig påskepynt.

Påskehøner i ulike fasonger og fargar er kjekt å lage, og vi legg opp til to ulike "raser"!!

Inger vil ta med seg nokre som ho har laga og kan også vise framgangsmåten. Det er såkalla "Tetrahøner" eller "Trekanthøner" som er enkle å lage. I boka "Tildas påske" finn du døme på slike. Desse kan lagast både store som kan sitje til pynt eller små som du kan henge i ei grein.


  • For å lage desse treng du å ta med : 
  • stoff
  • sysaker
  • fyllvatt og platevatt
  • farga stoff/filt til nebb og kam
  • silkeband/litt tjukt snøre ol. til bein
  • litt ris til å ha i kroppen/evt i beina
  • perler til auger og evt på beina.


Dei små kan du sy for hand, skal du lage større kan du ta med symaskin. Det vert også symaskin du kan låne på møtet.




Alle bilder er funne på Pinterest!

Du kan også få lære å sy høner over papp, enkle stiliserte figurer som er fine til å pynte i ei grein eller henge i vindauget.


Desse hønebilda er frå bloggen til Mona Einvik.

For å lage desse må du ta med:
  • Tynn papp (td pizzaøskjer, majonespakker ol.)
  • papirsaks
  • tynn vatt til å lime på pappen
  • limstift
  • sysaker
  • stoffbiter til kropp og nebb
  • silkeband/tjukt garn til bein
  • perler til auger og evt på bein

HER finn du mange bilder av påskehøner!

Om nokon vil ta med ulike andre "høneraser"  (og haner) til utstilling, så hadde det vore kjekt å sjå kva ein kan få til av stoff!

Møtet elles vil innehalde:

  • Info om  årsmøtet og årsmøtekurset
  • lotteri
  • kaffipause 
  • "Vis og fortel"
Velkommen!

1 kommentar:

Clipping Path sa...

Nice post.Keep sharing. Thanks for sharing.