søndag 24. juli 2016

Hjertelige nåleputer

Hos Primula Design på Nordfjordeid ligg desse hjertelige nåleputene framme!



Ein er kanskje ikkje motivert for dei store syprosjekta i ferietida, då er dette kanskje ein ide til lett sommarsyimg?

Her er hjerta applikerte på  med vlisofix og pynta med dekorsaumar. Om du syr nokre til å ha på "lager", så har du alltid ein liten presang på lur når du treng det!!

Fleire idear til nåleputer finn du td. på denne sida på Pinterest. Der er også mønster til nåleputa i "Katedralvindu", du kjem rett til mønsteret HER.

Om du skal til Nordfjord no i sommar, så stikk innom butikken, for der bugnar det av flotte stoff, mønster og modellar, og Ingun har alltid eit inspirerande kreativt prosjekt på gang der!


lørdag 16. juli 2016

Sommarfuglar saknast.......

...  i ausregnet vi har i dag så er det ikkje "flygeveir" for sommarens vakre sommarfuglar. Og det skal regne endå meir i morgon!!

Med andre ord er det varsla veldig godt syveir på Vestlandet, og kanskje vil du då sy din eigen fantastiske sommarfugl??  For å få til alle dei flotte partia som kan være i ein vakker sommarfugl, så er det papirsaum som er teknikken å bruke då.




Når ein skal søkje etter noko på Google, bør ein bruke engelske ord for å få flest mogleg treff, og med kombinasjon av relevante ord så kan ein finne mykje spennande.

Her er ei side som kom fram ved søk med orda "butterfly quilt block patterns free".

Det viser seg at dei "meir avanserte" mønstera til sommarfuglar, er "kjøpemønster" som du kan kjøpe digitalt. Som ein kan sjå på bildet over, så er den samansett av fleire striper i ulike stoff, og det er akkurat det som lagar den flotte effekten. Mønster er å få kjøpt på Craftsy for 3,50 $.

 Variant av same mønster!


Du kan  finne gratismønster som er godt brukandes slik som dei på bildet under.
Desse finn du på sida Lillyella, der er også PDF-mønster som du kan laste ned gratis!

Dersom du ikkje har sydd på papir før, så finn du mange videoar på Youtube som viser framgangsmåtar. HER er ein som såg ok ut.

Prinsippet er å sy på bitane i nummerrekkefølge frå 1 og oppover. Skal ein sy ein sommarfugl så er den oppdelt i ulike blokker som du skal sy sammen til slutt. På bildet under ser ein at der er ei smal midtblokk og 4 blokker som er speilvende to og to.


Mønsteret til denne sommarfuglen er også eit kjøpemønster og er frå sida Wombatquilts. Under her ser du tydeleg korleis baksida ser ut når det er ferdig sydd.

Slike mønster kan ein også tegne sjølv, og gjerne legge inn fleire striper der du vil ha dei! Om du vil lage ein slik sommarfugl utan å kjøpe mønsteret, kan du kopiere bildet og lime det inn i Word, deretter kan du "dra" bildet ut til du får passe størrelse!




Om du søker etter "Butterflies" eller "Butterfly" på Google, finn du utallige flotte bilder av sommarfuglar som du kan bruke til inspirasjon.


(Bilder frå Wombatquilts)

HER er link til gratismønster til sommarfuglen på bildet under!
Lykke til med sying av ein eller fleire sommarfuglar,.....i påvente av dei EKTE UTE!!

onsdag 13. juli 2016

Sommarleg sying!

Kanskje har du lyst til å sy noko i lette og sommarlege fargar?
Kva med ei lita brikke eller ein løpar??


Akkurat no er veret på Vestlandet så bra at du kan ta med deg symaskina ut i hagen eller på verandaen! I fin temperatur kan du nyte blomsterprakt og sy av stoff som matchar rosebedet??

Alle quiltebilda i dette innlegget er lånt frå bloggen "Bambi syr med sin quilteglädje"

Det er Eva Johansson som er dama bak alt dette fine, ho bur i Varberg i Halland i Sverige og er ein svært aktiv quiltar. Året rundt publiserer ho på bloggen sin både det ho syr sjølv og elles mange tips og oppfordringar til "å visa och berätta"!

Med stort pågangsmot prøver ho ut mange teknikkar og deler bilder. No har ho lagt ut bilder  og oppskrift til denne sommarlege løparen på bloggen, HER kjem du rett til det ho kallar "Bambiløpare"!

Tusen takk til henne for at ho deler dette med oss!!



Ho er også leiar av quiltelaget "Kviltsystrarna", ei quiltegruppe i Varberg. Denne bloggen har dei hatt ein del år, der er mange fine bilder av quiltar. No har dei gått over til Facebookside, HER kjem du rett til den sida.


Eva syr som regel mange eksemplar i ulike fargar, kjekt å få sjå korleis det blir med alle dei ulike stoffa!



Kvart år har desse flittige damene ei utstiling i v. 30. Og alle utstillingane har eit tema. Denne utstillinga har dei i alle år hatt i eit lite lokale i den vesle fiskarbyen Träsløvsläge heilt ute ved havet, og underteikna har vore på deira utstilling fleire gongar under ferietur. HER kjem du til innlegget på bloggen vår frå besøket i 2012.

I år prøver dei noko nytt med utstilling i eit lite lokale, "Lottastugan" i Societetsparken midt i Varberg, og tradisjonen tru så vert den i v. 30!  Temaet i år er "Sol, vind och vatten". Og planen til underteikna som snart byrjar på ferie, er sjølvsagt å få med seg utstillinga som er frå 23.7-28.7!

HER kjem du til "Utstillingssida" deira på Facebook! Så herved er tipset gitt vidare til dei som kan tenkje seg ei kjekk utstilling i ein heilt nydeleg by ved havet 1 time sør for Gøteborg! Håper å høyre frå den som tek eit besøk.......

...og rosene, bilda er frå Google og alle er Austinroser.

God sommarsying!


søndag 10. juli 2016

Ny heading!

Fann ut at no var det på tide med ein ny og sommarleg heading på bloggen. Bildet er kutta frå denne runde duken som er sydd av Laila S B.

Sy deg ei lommebok!

Mange syr seg fine lommebøker, små clutchvesker eller mobilvesker. Nokre er enkle, andre er innvikla. Mange av mønstra er "kjøpemønster", men av og til dukkar det opp gratismønster på slikt som er ganske brukandes!

Denne dukka opp ved søk på Facebook, og ved å følge link etter link, (via kjøpemønster på Craftsy også), så kom dette mønsteret opp som gratis på sida Cranial Hiccups.


Mønsteret kjem frå bloggen Confessions of a fabricaholic.


HER er link til framgangsmåten! HER er PDF-fil du kan laste ned om du vil skrive ut mønsteret. Same mønsteret ligg også under Burda Style Patterns der du finn ein bildeserie på 30 bilder, frå start til ferdig lommebok!

Om du vil sjå tips til andre lommebøker, finn du mykje ved å Google, HER er ei side då  orda "Bifold wallet tutorial" vart brukt.
 Desse to er laga av Adourra, produserer vesker og lommebøker for salg, men mange fine tips å hente der!

Det er også lurt å bruke mange søkeord på Pinterest, her er ei side som er lagra: Wallet pattern! Mykje fint å sjå!

Lykke til med syinga i sommarregnet her på Vestlandet!!

søndag 3. juli 2016

Bilder frå maimøtet!

Velkommen seier bildet og ja,....velkommen til ein flott bildeserie frå maimøtet vårt.

Her er mykje flott inspirasjon til oss dersom sommaren skal bli regnfull og det blir det vi kallar "Godt syveir"!!



 Primula Design stilte med flotte og fristande stoff og utstyr!














Vi har to medlemmer, Solfrid og Randi frå Syvde som vi vil takke ekstra denne gongen,... for på møte etter møte dukkar dei opp med posar fulle av quiltar dei har sydd. Det gjorde dei også på dette møtet, og viser mange tepper, vesker og løparar!! Det er tepper til familie (barnebarn og konfirmantar), løparar, vesker, artige påfunn (sjå teppet med mus og kaivartuber, Solfrids), eigne komposisjonar og samansetjingar av ulike teknikkar og mønster, dei hentar inspirasjon frå internett, kjøper mønster frå utlandet, prøver ut linjalar i lange baner og sist men ikkje minst, dei viser oss flotte samansetjingar av fargar, tøffe, rare, søte, umulige, ja med andre ord så tryllar dei stadig med stoff og symaskina! Vi ynskjer dei ein flott sysommar, men unner dei også mykje sol og varme, HURRA for dåkke!!













Veske med serviettdecoupage frå kurset med Kari Renolen i vår.


Aud S si "Go to gate" veske, mønster AnnaKa.
























Temaet på møtet denne gongen var "slipslinjalen", Wedge ruler og liknande linjalar med ulike graderingar. Å sjå til er dei litt like, men det er mykje ein kan gjere med dei, både å lage sirkeldukar og bølgete løparar.
Mange hadde teke med seg modellar og Ingun viste korleis ein kan bruke linjalen. Nokre sydde løparar og fekk prøve teknikken.

Desse er sydd etter mønster av "Solbritt og Maria"













....og då vi skulle ha oss ein liten kaffipause,...vart vi overraska med dette festbordet som matvertane hadde diska opp med! Denne dagen vart det full pott for både auger og mage!






Takk til alle medlemmer som stiller så flott opp på møta og gjer møta våre så kjekke og inspirerande, både med mat, inspirasjon og kreativ lyst. Det er så godt å være i lag, å gjere noko i lag eller berre å sjå, med vår felles interesse treng vi kvarandre! 

Ha ein fin sommar, og følg med på bloggen her, litt nytt skal nok komme av og til.