torsdag 29. desember 2022

Tidleg innsats......

 Tidleg innsats.....ja kvifor ikkje om du har litt tid no i romjula!

Om under eitt år så er førjulsstria i gang igjen! Kom over denne flotte MugRug då eg var inne på Pinterest, og kom då på at denne må då være perfekt også som julekort?

Sy den med kvit bakside og skriv julehelsing på!

Bildet under er frå bloggen til Quiltbee, gratis mønster til denne ligg på heimesida til MODA!


Bilde frå sida til Moda.

Men la deg ikkje stoppe, bruk kreativiteten din til andre motiv på ein liknande MugRug og sy deg opp eit lager av heimelaga julekort!

Lykke til!

søndag 25. desember 2022

God romjul!

 Godmorgen til alle quiltarar! 

Julegåvene er leverte for i år, og kanskje vart det nokre gåver med tema STJERNE?


Bilde frå Pinterest v/Kludekoner.dk


Dei fleste førebuingane til årets adventskalender gjekk føre seg på Pinterest der det vart samla opp mange tips rundt stjernetemaet.  Mange bilder vart brukt, men adventstida vart ikkje lang nok til å vise alle tipsa.

Legg difor ut link til mappa på Pinterest med 317 bilder!

lørdag 24. desember 2022

24. desember!

 Det er julafta og i dag er det nok stille i dei fleste syromma! 

Ei lita stjerne skal skine på dykk i dag også, det er den enkle og symbolske stjerna som står midt i bildet i julebodskapen.


Eit enkelt og nydelig bilde som du kan overføre til stoff og brodere med små attersting. Du kan bruke 2 eller 3 trådar med Moulinegarn til å brodere med, alt etter kor grovt stoff du brukar. Og broderiet er like fint med einsfarga tråd som med ulike fargar på motiva.

Vi ynskjer alle ei 
GOD JUL 
og takk for at du følgde med på adventskalendaren!


fredag 23. desember 2022

23. desember!

 Dagen før dagen og nest siste stjernetips!

I dag viser eg ei enkel stjerne laga av filt, ullstoff eller anna fast stoff.

Alle bilda er frå Pinterest.

 


 Pynten kan være avansert med perler eller brodergarn, eller du kan gjere det så enkelt som å lime på stjerner eller paljetter.







.......og kanskje treng du eit siste tips til presang? 
Ei heimelaga stjerne på ei flaske du vil gje bort er ei fin gåve!!



  Lykke til!

torsdag 22. desember 2022

22. desember!

Stjerna i dag er "Friendship star" og er plassert på ein liten duk eller som del av eit teppe/veggteppe.


Bildet er frå sida til Lakegirlquilts 
og der finn du også mønster og godt forklart framgangsmåte!

Storleiken på denne er 23 x 23 inch, men du kan gjerne lage din eigen storleik 
fordi her er det kvadrat som er utgangspunktet!











Bilder er henta frå Pinterest.

Lykke til!

onsdag 21. desember 2022

21. desember!

 Stjerna i dag er ei Kaleidoskop-stjerne!

Denne kan du lage på ulike måtar, enten ved bruk av symaskin eller du bretter og limer over papp. Akkurat den teknikken er ikkje vist her. 

På sida til Hellosewing.com finn du framgangsmåten!


















Det er også andre utgåver på sida til Getasquiltingstudio, men der må du kjøpe mønster.

Lykke til!

tirsdag 20. desember 2022

20. desember!

 Dagens stjerne er frå sida til Quilting Digest. Det er eit lite oppheng som passar som juletrepynt eller pynt på ei grein !


HER finn du info om mønster og framgangsmåte og HER er mal for papirsaum.

Lykke til!

mandag 19. desember 2022

19. desember!

 Siste veka  før jul er i gang, og snart vert det julekos i heimen.


Bilde frå Pinterest.


Eit lite motiv som kan bli både eit julekort eller eit innramma bilde.

Kopier bildet inn i word og lag det så stort du ynskjer det!
Sy eller berre fargelegge!

Lykke til!


søndag 18. desember 2022

18. desember!

 Dagens stjerne er frå bloggen til danske Kludemarie.


HER finn du detaljert framgangsmåte til stjerna. Den er sydd over papp der endane er skråa i 60 grader. 


Teknikken er enkel som du ser og eit koselig puslearbeid. Her er bilde av 6 av kvar farge, dette treng du til ei stjerne. 



Sy sammen to  og to remser før montering.

Du kan lett endre på storleiken på stjerna, tegne deg ein mal med 60 graderslinjalen og sett i gang!


                                                                        

                                                                        Lykke til!

lørdag 17. desember 2022

17. desember!

 På tide med litt større julepynt kanskje?  I dag har du sjansen til å engasjere heile familien, for dette er noko alle kan få til! Og det er heilt utan sying!



På den danske sida Husbehou ligg god forklaring!



Stjerna i dag er i utgangspunktet laga av papir, men du kan lett lime eit tynt stoff på papiret .

Framgangsmåten er enkel:

  • Du treng to kvadrat, størrelsen bestemmer du sjølv.
  • Saks og lim
  • Brett kvadrata slik tegninga viser og lag skarpe brettekantar.
  • Klipp litt over 1/3 inn frå sidene i brettekanten
  • Brett inn stjernespissane slik du ser på videoen og lim. Sett gjerne på ei klemme til å holde på plass til limen tørker.
  • Eit godt tips til papir/materiale er å bruke tapetrester. Dette er kraftig materiale og du har kanskje ein fin rest liggande. Nokre tapetsorter kan også målast eller spray med gull/sølvspray, så her er det berre å bruke kreativiteten din. Resultatet vert alt frå ministjerner til juletreet eller dekorasjonar og heilt til store stjerner som du kan henge i vindauget! Lag din eigen stjernehimmel.



Video med framgangsmåte finn du HER!

fredag 16. desember 2022

16. desember!

 Fredagsarbeid, ikkje så mykje tid til overs i dag kanskje, så her kjem ei lita stjerne som du kan pusle med i sofakroken!

                                               

                                                         Stjerna er sydd av diamantar.




                                                         Alle bilder er frå Pinterest!

Her er link til framgangsmåte, der er også ein mal. den er kanskje litt stor, men det er berre å klippe den litt mindre!

Lykke til!




torsdag 15. desember 2022

15. desember!

 I dag slepp du å sy, for du kan heller brette deg ei stjerne! 




Stjerna er også kalla Dansk stjerne, og på Weallsew finn du framgangsmåten!


Bilder frå Pinterest.

Her er også ein video som viser framgangsmåten:

Lykke til!