Viser innlegg med etiketten kalendar 2012. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kalendar 2012. Vis alle innlegg

mandag 17. mars 2014

Mars!

Vi har passert over halve mars, så om du har lyst til å lage marsblokka som klubben hadde ein serie av i 2012, så rekk du det enno. HER finn du link til innlegget der du finn mønster.

Bilda under her er av blokker som medlemmar har laga!

....og sidan vårblomstane våre plutseleg vart dekt av vintersnø, så kan vi no lage dei under symaskina!

lørdag 29. desember 2012

Kalenderbilder

Dette er kalenderbildet for Desember.
Kalenderbilde for November.

Motiva er sydd av Randi R og mønster er sendt ut på epost/brev til medlemmane.

søndag 30. september 2012

Haustblokker til kalendar 2012


SEPTEMBER
To nye blokker til kalendaren som ein del av medlemmane syr! Det er Randi Røys som har teikna og sydd desse blokkene, inspirasjon har ho henta frå ein papirkalendar.

Første innlegg om denne kalendaren kom i juni, HER kjem du rett til innlegget.


OKTOBER

Mønster til blokkene vil komme på epost til medlemmane som før, og på papir til dei som ber om det.

lørdag 30. juni 2012

Kalendar 2012


Desse kalendarblokkene er laga av eitt av medlemmane i klubben vår, kreative Randi Røys. Ho fekk inspirasjon frå ein kalendar med strektegningar, dette overførte ho til månadsblokker i stoff. 
Medlemmane hadde ynskje om å ha dette som  "månadsblokker" frå i vår og til vi er komne året rundt. Mønster til blokkene er sendt ut på epost til medlemmane, dei som ikkje brukar epost og gjerne vil ha mønster, vil få papirkopiar ved å ta kontakt med ein i styret.






 Dette stativet har Randi kjøpt av ein smed i Jølster. Aud L. i Svelgen vil skaffe oss namn og nummer om nokon vil ha eit slikt stativ.