Viser innlegg med etiketten mat. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten mat. Vis alle innlegg

søndag 1. februar 2015

Eplechips!

På eit par kurs vi har hatt, så har Torunn hatt med seg nydelege heimelaga eplechips. Dette er noko som svært få har smakt før, og til stor overrasking,....knasande fantastisk godt!!


Som tradisjon her på bloggen, så deler vi alt som er godt for kropp og sjel, og dette er vel noko av det sunnaste som vi kan få i oss!

Torunn har sendt framgangsmåte, og Mariann har kjøpt slik Epleskrellemaskin som Torunn anbefaler. Den funka kjempeflott, og artig å snurre fram eplekrusedullar!! Dette er heilt sikkert noko som barna likar å gjere også.

Her har eg brukt nokre av dei skrukkete vinterepla som eg hadde liggjande, men det var ingen problem å få det til!

Her er oppskrift frå Torunn:


Dersom du vil sjå epleskrellemaskina i bruk, gå inn på You Tube og søk på Apple Peeling Machine!

Ringane tørkar du i varmluftomn på bakepapir i fire-fem timar med døra på gløtt og 60-70 grader. 
Snu ringane etter ei stund så dei tørkar på begge sider.

 Då håpar vi at det blir mykje sunn chips rundt om i heimane,......jammen lærer vi litt av kvart på kurs!!
Tusen takk til Torunn for tipset!!


onsdag 3. september 2014

Gode quiltesveler!

Det nærmar seg Låvemessa  (6. og 7.9) og vi førebur oss både til sal av handverk og til god heimelaga mat.
Vi kjem til å steikje gode sveler på takke, ja, .... så det pirrar i nasa til dei som kjem inn på tunet på "Monsgarden".
 (Bildet er lånt frå internett)

Så no deler vi oppskrifta både til dei som skal lage røra, ......og til dei som kjøper svele i helga og tykkjer at dei er KJEMPEGODE!!!


QUILTESVELER


3 egg og
5 ss sukker vispast saman.

1 l kulturmelk blandast i, saman med
0,9 l kveitemjøl,
1 ts vaniljesukker,
2 ts natron og
1 ts hjortetakkmjøl.
75 g margarin smeltast og ha i røra til slutt.

NB! Om nokon noterte oppskrifta 3.9 så er den retta i dag 4.9!
OBS! Til dei som skal ha med røre, lag dobbel oppskrift.

Vi har også ei alternativ oppskrift som er brukt ved større arrangement, denne røra gjev 3 liter.

QUILTESVELER

2 koppar sukker
6 egg
2 l kefir
4 ts natron
2 ts hjortehornsalt
50 g smelta smør
mjøl til tjukk røre

lørdag 23. august 2014

Natronkakebakst!

Då er første bakerunde med førebuing til Låvemessa unnagjort! Denne veka vart det baka 500  nydelege natronkaker!!!!



Vi skal ha ei bakerunde til rett før messa, så no håpar vi at litt fleire skal få smake desse berømte kakene våre under arrangementet 6. og 7. sept. Vi veit frå tidlegare arrangement at desse natronkakene er svært populære både i kafeen og i salsbua vår, og dette prøver vi no å forbetre med å ha dobbel produksjon!

Om du vil ha oppskrifta, så finn du den HER.

torsdag 14. august 2014

Vi startar opp att!!

Ja no er det klart for oppstart av aktivitet i klubben igjen!

Tysdag i neste veke har vi planlagt å bake Natronkaker i lag, men vi treng nokre til på laget!!! Dei av medlemmane som har tid og kanskje lyst til å lære dette, må ta kontakt med Laila U P snarast! De når henne på tlf. 91735733.

OPPDATERING 15.8:
Det har no meldt seg nok interesserte til dette første "Natronkakebakelaget"!! Vi skal ha ei samling til om eit par veker, til trøst for dei som no ikkje rakk å melde seg på.

tirsdag 27. august 2013

...og dei baka og baka.....

.......og baka, ja dei baka i hundrevis  med NATRONKAKER i år også! Mellom 500 og 550 kom det rapport om, og bilda viser at dette stemmer nok!




Om du har lyst til å bake Natronkaker, så kjem den lokale oppskrifta her:

2 l kefir
1 pk natron (40 g)
1 toppa ss vaniljesukker
500 g sukker
ca 2 kg kveitemjøl

Kakene klappast ut i ein mjølbolle, dei skal være litt lause. 
Steikjast på takke på middels varme ( brytar på 7).

Det vert ca 75-80 stk av denne oppskrifta.

Ein flott dugnadsgjeng !
 Takk til alle som brukte denne fine kvelden til storbakst!
 (fotograf Laila U. P.)

onsdag 30. januar 2013

Kursmat!!



Helga 26.-27. januar hadde vi på nytt eit flott kurs med Birthe Lee Tveit. Vi jobba iherdig med stoff og symaskin (bilder kjem seinare), men like mykje gleda vi oss til matpausane!! God mat og god prat er blitt ein del av kursa våre, noko som alle set stor pris på. 
Kursleiar Siv hadde igjen laga nydelig middagsrett,  no ei fantastisk panne med Gulasj, smaka utruleg godt!! Og oppskrift? Når erfarne kokkar lagar mat, så blir det litt slik og litt sånn oppi, og vips så er det ferdig! Så enkelt! Men Siv sende oppskrifta i etterkant av dette innlegget, så her er den:

EIDAGULASJ

4 porsjoner
600 g beinfritt storfekjøtt i terninger (brukar oftast flatbiff)
2 løk
250 g champinjong
litt olje
paprikapulver
1 boks hermetiske tomater
1 paprika i strimler
2 gulrøtter i skiver
1/4 chili finhakka
1,5 l kraft eller buljong
1/2 ts karve
4 store poteter i terninger
salt
Finhakk løk og champinjong og fres det i olje i ei panne til det er gyllent. Ta panna av varmen og tilsett paprikapulver.
Brun kjøtet lett og ha det i panna sammen med tomater, paprika, gulrøtter og chili. Sett panna på plata og fres det opp under omrøring.
Tilsett kraft/buljong og kok opp. Tilsett karve og salt og la suppa trekke under lokk i ca 2 timar til kjøtet er mørt. La potetene koke med siste 30.
Smak til og server med godt brød.
Suppa kan lagast karbo-fri ved å kutte ut poteter og gulrøtter, tilsett då gjerne meir sopp i tillegg til blomkål/brokkoli.
Erstatt gjerne noko av kjøttet med kjøttdeig og/eller bruk meir potet/champinjong/grønsaker for å lage ein meir “lommebok”-vennleg variant.
Eller lag den på kun kjøttdeig til kvardags, då gjerne servert med makaroni.
Vil du ha ei  “varmare” suppe tilsetter du chilipulver i suppa, eller har det på bordet. Er den for “hot” kan du servere med en klikk rømme.
Focacciabrødet var laga av pose, merke Regal. Men det var VELDIG godt elta, det heva LENGE og eg brukte MASSE  god olje og hadde maldonsalt på toppen.



Til kaffien laurdag hadde Inger Lise laga Suksessterte

Har funne ei oppskrift til denne frå Tine, HER finn du heile oppskrifta.

Ingredienser

  • Bunn:

    4  eggehviter
  • 150 g melis
  • 150 g grovmalte mandler
  • Suksesskrem:

    1 dl TINE Kremfløte
  • 125 g sukker
  • 4  eggeplommer
  • 1  vaniljestang eller 2 ts vaniljesukker
  • 150 g TINE Ekte Meierismør
  • Dryss:

    1 dl grovhakkede og ristede mandler



Søndag serverte Mariann "Kaffimarengskake"



 Her er oppskrifta:

KAFFIMARENGS-KAKE til form 28 cm

Botn 1 (øverst)

150 g smør
150 g sukker
2 egg
150 g kv.mjøl
2 ts bakepulver
1 ss vaniljesukker

Marengs:2 eggekv./100 g sukker/1 ss pulverkaffi i 1 ss vatn/25 g hakka valnøtter

Legg marengsen over kakerøra og steik v/180 gr i ca 25-30 min. Botnen vert litt saftig.

Botn 2:
(ein sukkerbrødbotn)

2 egg
1,5 dl sukker
1,5 dl mjøl
1 ts bakepulver
3 ss sterk pulverkaffi (utrørt i vatn)

Botn 3 (nederst):

Same som botn 1 men uten marengs.

Fyll:
Nederste fyll er 1 pk Sjokolademousse blanda med ca 1 dl vispa kremfløyte.
Øverste fyll er ca 3 dl vispa kremfløyte.

Glasur:
3 ss sterk pulverkaffi, bland i melis til den er passe tjukk til å "ringle" over kaka til pynt.




lørdag 29. desember 2012

Julemat

 Når klubben har desembermøte er dette ein kombinasjon av klubbmøte og julebord. Stor marsipankake og gode smørbrød er som regel menyen, og det vert ein hyggjekveld meg mykje prat over den gode maten.







fredag 14. september 2012

Den gode sjokoladekaka frå Elisabeth!

På klubbmøtet no i september hadde Elisabeth med ei sjokoladekake som fall i smak hos mange, og det var spørsmål etter oppskrifta.
Det er så flott at medlemmer deler gode oppskrifter med oss, så tusen takk til deg Elisabeth.

SJOKOLADEKAKE  med kefir

1l kefir
1ss natron
6 1/2 dl sukker
3-4 ss kakao
10 dl kveitemjøl
150 g smelta smør

Dette er til ei stor langpanne.. Steikast nederst i ovnen v/175 gr i 30 min.

GLASUR
Smelt 200 g smør og 1 pl kokesjokolade over svak varme. Rør i 500 g melis, 3 ts vaniljesukker og 2 ss kaffi. Til slutt tilset du 1 egg, då blir glasuren blank og glatt!


EPLEKAKE frå Elna


3 egg
3 1/2 dl sukker
4 1/2 dl mjøl
1 1/2 dl melk
1 1/2 ts bakepulver
5-6 eple

Rund form 24 cm.
Om du doblar oppskrifta så passar den i langpanne.

Steik v/180 gr midt i ovnen i ca 45 min, men sjekk kaka etter 30 min!!

søndag 29. januar 2012

Hildes INCH-kjeks!


Hilde var kursvert denne helga og hadde førebudd seg godt og veldig nøyaktig. Sjå på desse stablane med havrekjeks i kakeboksen hennar. Vi lurte litt på om ho brukte å ta mål av boksen før ho laga kjeksa! Men ho kunne avsløre at ho brukte ein pappmal å skjære etter!
Oppskrifta kom opprinnelig frå hennar mormor som budde på Nordfjordeid.
Som de ser, så er kjeksa i storleik 2 1/4 inch, difor namnet INCH-kjeks! Så desse passa godt inn i alt arbeidet vi hadde med inch-linjalen denne helga. Og smaken var fortreffeleg, desse kjem vi nok til å lage Hilde!! Takk for all god servering!

torsdag 3. november 2011

Nydelig mat for quiltarar!

På siste klubbmøte hadde vi som vanleg mykje god kaffimat. Der var både wienerbrød av ulikt slag , eplekake, lefse og natronkaker. Slike natronkaker vart også selt i hundretals på Låvemessa vi arrangerte før i haust, så dette er tydelig noko folk likar. Kjempegode med godt smør og brunost på!
Her er oppskrifta:

2 l kefir

1 pk natron (40g)

1 toppa ss vaniljesukker

0,4 kg sukker

Ca 2 kg kveitemjøl

Deiga skal vere laus når du lager kakene.

Kakene klappast ut i ein mjølbolle.

Steikast på takke, ved middels varme.

Dette blir ca 80 kaker.

onsdag 5. oktober 2011

Festmat frå Sunndal

Når mange quiltedamer samlast til klubbmøte og god mat til kaffipausen, så dukkar det ofte opp nye og spennande smakar. På siste klubbmøte fekk vi smake noko som dei fleste av oss aldri hadde høyrt om, VAFLER med SUNNDALSGRØT på!!
Mange av oss har høyrt om sveler med ein liknande semulepudding på som dei brukar i indre Nordfjord, men dette nye måtte alle smake på. Og det var NYDELEG!! Så no kjem oppskrifta frå Solfrid her!

SUNNDALSGRØT til VAFLER
(stor porsjon)

200gr meierismør
200 gr hvetemel
2 dl kremfløte
2 kp sukker
2 l H-melk
1/4 ts vaniljesukker.

Smelt smør, ha i fløte, mel, rør i 1 kp sukker. Kok opp. Spe med kokende melk, rør i resten av sukkeret ,vaniljesukker til slutt.
Dersom grøten blir for tykk, spe med mer kokende melk. Kok til melsmaken er borte.
Kanel strøes over.

Lag vafler og ha til grøten.

Dette er festmat i Trøndelag

søndag 6. mars 2011

Matgilde på kurs!

Eit vellukka kurs med Bente Malm/"Postveska" er over, og alle 19 på kurs er truleg både mette og fornøgde med kurset!! For maken til samling av fristande rettar skal ein leite lenge etter. Ein var einige om at alle skulle ta med litt mat til kursdagane, men då alt stod framme, såg det meir ut som feiringa av alle VM gulla! Spekemat og laks, salatar, brødmat og godt pålegg stod på rad, og så litt søtt attåt. Vi hadde kursvert begge dagane, og det såg ut som kursdeltakarane sette pris på å bli bedne til festmåltid. Så takk til alle som gjorde kurset til ein minnerik helg! Og dagen i dag fekk ei flott avslutning for nokre av oss som stod med hovuda tett i hop over ein mobil med radio og vi fekk følgje siste innspurt på 5-mila! Hurra for ei flott helg og Northug sitt gull!!

Denne platekaka har Linda laga, ho har lova å sende oppskrift! Då kjem den her!


Betsy kom med desse fristande rullane, dei er laga slik:
  • Tortillalefse
  • Eit lag med snøfrisk
  • Ruccolasalat
  • Eit lag med spekeskinke
  • Rull sammen og kutt i bitar.
Her var det ein gong ein spesiell rett som likna på kabaret, og som de ser så var den god, for den er borte vekk! Solfrid har laga den.
Slik lagar du den:
  • Til ei stor brødform treng du:
  • 2 pk sitrongele, bruk litt mindre vatn enn det som står på pakken.
  • Finraspa gulrot
  • Ananasbitar frå boks!
  • Epler i bitar
  • Framgangsmåte: du treng ikkje å ha gele i botnen på forma. Legg lagvis raspa gulrot, eplebitar og ananas, slå geleen over,(litt avkjølt)
    Då - er det berre å vente .

Makaronisalatar i fleire skåler,..."heilt vanlig salat", sa Aud S!
Omtrent slik lagar ho den:
  • Makaroni
  • Skinke
  • Sylteagurk
  • Mais
  • Majones og rømmeblanding
  • Litt saft frå maisboks
  • Litt sitronsaft
  • salt og pepar

Nokre salatar hadde også eple og purreløk i.

Her er Haldis sin salat:

  • 5 dl makaroniskruar
  • 1 bx bogskinke
  • 1 bx ananas i biter m/saft
  • 1 purre
  • 1 bx mais
  • litt druer

Dressing:

  • 1 bx rømme
  • 1 pk majones
  • litt ananassaft?
  • pepar?

Til slutt ei etterlysing frå ein kursdeltakar:

Ho saknar eit nøkkelknppe med ca 3 nøklar på, har nokon funne dei blant stoffa sine, så ta kontakt med bloggred. snarast!

onsdag 8. desember 2010

Etter festen!

Etter festen ja,.... i går kveld hadde medlemmane våre ein skikkeleg kosekveld på julemøtet vårt. Rundt 40 frammøtte, mykje godt prat, alle i arbeid med noko og mykje god mat. (fleire bilder kjem seinare!)
Noko som mange la merke til, var Bente sine grove scones, og mange ville ha oppskrifta. Like før midnatt i går kom oppskrifta på epost til red, så tusen takk til Bente for den! Kankje nokon lagar den allereie til frukost i dag??

Hei
Her kjem oppskrifta på scones som eg hadde med meg på juleavslutninga:


2 1/2 dl hvetemel
1 1/2 dl sammalt hvete fin
2 ss sukker
1 ss bakepulver
2 ss meierismør
4 ss solsikke
2 dl kulturmelk

Bland det tørre, smuldre smøret, tilsett solsikke og kulturmelk. Bland godt sammen og sett med skje på bakepapir.
Stekes ved 200 grader i ca 15 minutter. Avkjøles på rist.

Eg tok meg den frihet og brukte grovt hakka valnøtter, rosiner og strimla tørka aprikoser istaden for solsikke. ca 4 ss, men dog
litt på slump.

søndag 14. november 2010

Laks- og reke mousse

På kurset "Min nostalgiske verden" med Hilde Gunn Dammen hadde medlemmene med seg mat til eit stort spleiselag. Det var visst reine julebordet,... synd fotografen ikkje var til stades då. Men eg var ein svipp innom på slutten av kurset for fotografering, og då fekk eg oppskrifta til ein rett som fall i god smak hos mange.
Randi R hadde laga denne laks- og reke moussen, og her får du oppskrifta på den:

LAKS- OG REKE MOUSSE
  • 3 dl fløyte og 1 ss sukker piskes
  • 5 hardkokte egg hakkes
  • 2 stk kokt laks i biter
  • 1 liten boks reker (passelig salta)
  • bland i 1/2 pk majones
  • rør i 1 pk lys Aspic m/3 dl vatn til slutt

søndag 8. august 2010

Vikingsuppe

Dei som var med på årets blåtur, fekk seg visst ei skikkeleg gourmetoppleving. På Rytnetunet fekk dei servert ei utruleg god Vikingsuppe, og like utruleg er det at kokken deler oppskrifta si med oss. I følge oppskrifta må du leite fram den aller største panna,....... og deretter invitere nokre gjester....


VIKINGSUPPE: 30 stk

(Kremet skogsopp-suppe-basis/ eller 4-5 poser)

Kålrot i små terningar 1 kg ca
Purreringar (på toppen) 2 kaffekopper
Hjortekraft (hjortekjøtt)/vatn og buljong ca 7 liter
Kjøtterningar/skinke/kalkun på boks 4 bx
H-melk 2 liter
Chilisoyabønnepasta (litt) start med 2 ts
Champinjong 20 stk
Finrevet gulrot 4-5 stk
Hvitløk 4 fed/ 1 stor
Revet fersk ingefæreller malt pulver 1 ts SMAK TIL
Spe med vann til 12-13 liter væske

Melk og purre has i til slutt

Serveres med nyrørt tyttebærsyltetøy

Suppeposene kan erstattes med fløyte og potetmos…

BON APETITT

søndag 13. juni 2010

Sommarfesten vår!

Våren går fort i lappeklubben vår, og plutselig er det sommaravslutning med mykje god prat og god mat.
Vi brukar å ha ein komite som lagar maten til denne dagen, og dei har også diska opp med mykje god kaffimat. Her er bilder av mat som var så god at den forsvann før fotografen slapp til, ...og det seier vel sitt! Men har rekonstruert litt og fått litt oppskrifter, så kanskje andre vil prøve dette også?Oppi denne tomme skåla var det ein nydelig dessert, bildet under viser ein rekonstruert liknande. Den er laga av kremfløyte blanda med 1/2 pk oppklipte Marshmallows, eit lag med rørte bringebær og knuste kjeks(marie, Digestive og Kornmo).Nydelig! Her under var det ei ostekake....... med rød gele på toppen. Bakaren kan gjerne sende oppskrift til bloggred......

I denne skåla var det ein god dessert også. Laga av 1 pk sitrongele der halva av væska var saus frå ein boks fruktcoctail. Visp 1 pk fløyte og bland i gele som er begynt å stivne, og bland så i 1 boks med fruktcoctail.
Denne sjokoladekaka var god!!! Her kjem oppskrifta frå bakermesterinnen:
Marguns sjokoladekake

3 kopper sukker
4 egg
4 kopper hvetemel
3 ts vaniljesukker
3 ts bakepulver
3 ss kakao
225 gr smør
1,5 kopper melk

Visp egg og sukker til eggedosis. Smelt smøret. Tilsett det våte og det tørre vekselvis i eggedosisen, og blande forsiktig.
Steikast i stor langpanne ved 200 grader i 20-25 minutt.

Glasur:
300 gr melis
100 gr smør
1,5 ss kakao

Smelt smør, og tilsett sikta melis og kakao. Ha på avkjølt kake. Pynt med kokosmasse el. anna.

...og denne kaka heiter Bermudakake, bakaren var lur og fann oppskrifta på nettet, på Det søte liv. HER finn du oppskrifta:
Bilder av quiltar kjem i eit anna innlegg seinare.