søndag 4. oktober 2026

Snart klubbmøte igjen!!

 Vi ynskjer velkommen til oktobermøte no tysdag 6.10 kl 18.30 på Stokkenes gjestegard.

På dette møtet vert det både syaktivitet og diverse info om anna aktivitet fram til jul.

Syaktiviteten:

  • Torunn vil vise korleis ein syr ei dobbelsidig blokk,....ei blokk som er like ferdig på både framsida og baksida! .
  • Du treng å ha med deg stoffremser til begge sidene (eller heile stoff om du ikkje har remser). Tenk på at det skal vere ein fargetone på eine sida og ein annan på den andre sida. Då kan du td. sy to ulike løparar under eitt! Vendbar! Jul og påske??  :) Finast med ulike stoff innan ein farge, då blir det litt liv i flatene. Breidda på remsene har ikkje stor betydning, men ikkje mindre enn 1 inch.
  • I tillegg må du ha eit stykke stoff som matchar stripene.
  • Symaskin, skjæreutstyr, og eit litt fast og stabilt stoff til å sy remsene på. Ta med linjal med markering for 45 grader og litt vatt.
  • Du treng ikkje tenke på kor stort du skal lage, blokka passar fint til løpar, men også som dekor på både vesker og kuvertbrikker.


 
  • På møtet får du info om veskekurset v/Liv Holvik som vi skal ha i slutten av månaden, bindande påmelding på møtet eller pr telefon om nokon ikkje har høve å komme på møtet.
  • Vert det ein felles sydag også??
  • Vis og fortel
  • Lotteri
  • Kaffipause
  • ....og truleg litt varer frå Sybutikken Primula Design.



                                                              VELKOMMEN!



Ingen kommentarer: