fredag 24. desember 2021

24.desember!

O jul med din glede...... og vi vil gjerne gjere andre glade ved å gje gåver. 

Nissen er blitt som eit symbol på den som kjem med ei overrasking som gleder oss, små og store.

Dagens tips er nokre små nissar som du kan lage når du finn tid til å setje deg ned i jula. Husk at hos oss varer jula heilt til 20. dag jul, så du har mange dager att før du må pakke bort jula.

Tipser også å gå inn på linken frå 2014, der finn du eit klassisk julemotiv.







Tips frå Julafta tidlegare år:







NLQ ynskjer  alle våre medlemmer og andre som har følgt bloggen vår ei

GOD JUL!!
.....og håper at mange har hatt glede av å følge årets adventskalender!

Helsing
Mariann L. Hatlenes
-sekretær og ansvarleg for blogg og Facebook-




torsdag 23. desember 2021

23.desember!

No må du ha ein liten kaffipause før siste innspurt!

Ta fram ein fin MUG-RUG,.......eller har du ikkje? Kjapt å sy, her har du nokre tips!

Desse er frå Pinterest og har ikkje mønster, men er sydd som Log-cabin. Størrelsen ser ut til å være ca 15x15 cm.


Denne over her er frå bloggen til Connie Kresin.com, og til denne er det mønster og framgangsmåte.

HER kjem du til mønsteret.

Tips frå same dato tidlegare år:

2014: https://nlq2007.blogspot.com/2014/12/23-desembersydag.html

2015: https://nlq2007.blogspot.com/2015/12/23-desember.html

2016: https://nlq2007.blogspot.com/2016/12/23-desember.html

2017: https://nlq2007.blogspot.com/2017/12/23-desember.html

2018: https://nlq2007.blogspot.com/2018/12/23-desember.html

onsdag 22. desember 2021

22. desember!

 På tide å få tak i eit juletre, og kva sort skal ein velge? 


Papirsaum er kjekt, så her er nokre eksempel frå Pinterest. Bilda med mønster kopierer du inn i Word og så forstørrer du så stort du vil ha det.





Fleire tre finn du på linken ved 2016 under her!

tirsdag 21. desember 2021

21. desember!

Husk småfuglane ute no når Kong Vinter kjem tilbake! Og mens dei forsyner seg på fuglebrettet, så kan du prøve å sy nokre som liknar!!




Bilda er frå pinterest og har ikkje direkte tilknynting til linkane under her, dei viser tips til korleis du kan sy dei.



Litt forskjellige fuglar i ulike teknikkar finn du her:

Tips frå same dato tidlegare år:






mandag 20. desember 2021

20. desember!

 Julesnøen kjem truleg tilbake i Nordfjord i desse dager, så snømenn jubler for nytt liv!!

Bilde frå Pinterest, så ingen mønster. 
Enkel i formen så mønster lagar du sjølv! 

søndag 19. desember 2021

19.desember!

 Julens englar! Enkle å lage ved å brette samme to rundinger. Aller helst av stoff, men som du ser her, så kan du bruke bomullspads!


Bilde frå Pinterest, så ingen mønster på desse, men vil du ha mange andre ideer, så sjå på DENNE sida!

Tips frå same dato tidlegare år:

2014: https://nlq2007.blogspot.com/2014/12/19-desembersydag.html

2015: https://nlq2007.blogspot.com/2015/12/19-desember.html

2016: https://nlq2007.blogspot.com/2016/12/19-desember.html

2017: https://nlq2007.blogspot.com/2017/12/19-desember.html

2018: https://nlq2007.blogspot.com/2018/12/19-desember.html

lørdag 18. desember 2021

18.desember!

 Dagens tips er motiv til eit stitchery.

Førjulstid er baketid! Tenk så fint å kunne legge eit bakehandkle med dette motivet over baksten!



Bildet er frå Pinterest og er designa av Joannscountrycorner,
Det er ikkje mønster til dette, men kopier det inn i Word og lag ditt eige mønster!

Tips frå same dato tidlegare år:

2014: https://nlq2007.blogspot.com/2014/12/18-desembersydag.html

2015: https://nlq2007.blogspot.com/2015/12/18-desember.html

2016: https://nlq2007.blogspot.com/2016/12/18-desember.html

2017: https://nlq2007.blogspot.com/2017/12/18-desember.html

2018: https://nlq2007.blogspot.com/2018/12/18-desember.html





fredag 17. desember 2021

17.desember!

Klementinmotiv på ein mug-rug! Dette er ei av julas mest brukte frukt og denne fargen friskar godt opp! I tillegg så er denne til heilårsbruk.

Bildet er frå Pinterest og har ikkje mønster, men er signert Lindsey Weight. Ho er ein tekstildesigner og du finn henne på Facebook! HER er omtale av henne og liste over mønster ho har laga!

Tips frå same dato tidlegare år:

2014: https://nlq2007.blogspot.com/2014/12/17-desembersydag.html

2015: https://nlq2007.blogspot.com/2015/12/17-desember.html

2016: https://nlq2007.blogspot.com/2016/12/17-desember.html

2017: https://nlq2007.blogspot.com/2017/12/17-desember.html

2018: https://nlq2007.blogspot.com/2018/12/17-desember.html

onsdag 15. desember 2021

tirsdag 14. desember 2021

14. desember!

 Dagens tips er enkle snømenn, runde og gode!


Bildet er frå Pinterest og har ikkje mønster, men her er det så enkle former at dette er enkelt å få til! Dei er fyllte med vatt!

Tips frå same dato tidelgare år:

2014: https://nlq2007.blogspot.com/2014/12/14-desembersydag.html

2015: https://nlq2007.blogspot.com/2015/12/14-desember.html

2016: https://nlq2007.blogspot.com/2016/12/14-desember.html

2017: https://nlq2007.blogspot.com/2017/12/14-desember.html

2018: https://nlq2007.blogspot.com/2018/12/14-desember.html

mandag 13. desember 2021

13.desember!

 Dagen tips er ein søt liten julepynt som du syr for hand.


Som du ser er den sydd av likesida trekantar. 

Framgangsmåte:

  • Du lagar deg malar av papp, størrelsen bestemmer du sjølv
  • Klipp til stoff som du limer fast på baksida av pappmalen med limstift eller Roxanne lim.
  • Sy sammen bit for bit med små sting.
Døme på framgangsmåte finn du her, gjer merksam på at her syr dei fast stoffet på baksida, så bruk lim i staden for



Samansying:



Sidan det også er Luciadagen i dag, så finn du eit tips på linken frå 2015 under her! Der er også oppskrift på Lussekatter, men legg den også HER! I 2016 er det ei oppskrift frå Wenches kjøkken! 


I januar vert det kurs med Siv der vi mellom anna kan prøve krympestoff, sjå på linken for 2017 under her, der er det flotte raude hjerter!!

Tips frå same dato tidlegare år:





søndag 12. desember 2021

12. desember!

 

Dagens tips er eit girlander med juletre.


Det er mønster og framgangsmåte på sida til Sew Dainty, HER er linken!

Du kan også lage enkle tre og fylle dei med vatt, det same kan du gjere med hjerter!







Tips frå same dato tidlegare år:

2014: https://nlq2007.blogspot.com/2014/12/12-desembersydag.html

2015: https://nlq2007.blogspot.com/2015/12/12-desember.html

2016: https://nlq2007.blogspot.com/2016/12/12-desember.html

2017: https://nlq2007.blogspot.com/2017/12/12-desember.html

2018: https://nlq2007.blogspot.com/2018/12/12desember.html




lørdag 11. desember 2021

11. desember!

 Dagens tips er ein flott løper, det finst også mønster til denne på engelsk.


Mønsteret er frå Sew today and clean tomorrow!
HER er link til mønsteret!

Tips frå datoen 11.12 tidlegare år med adventskalender:





fredag 10. desember 2021

10. desember!

Dagens tips er mange smånissar! Restenisser kallar  Hanne Rimmen  frå Skåne i Sverige dei! Og har  starta ein Nissefabrikk skriv ho!! 

http://hannerimmensuniversconebane.blogspot.com/2013/10/jeg-har-abnet-en-nissefabrik.html


Ja det blir fort mange nisser om vi skal bruke stoff frå restekassene der det er litt av kvart frå mange år med quilting!

Slike nissar kan du bruke til mykje,....på juletreet, utanpå julegåvene som pakkelapp, til smågåver til ein venn, til uro eller på nøkkelen din!!



Mønsteret finn du på bloggen til Hanne frå Sverige, her finn du ein flott framgangsmåte og mange fine bilder!


Her kan du bruke rester av lukkekanter og andre smårester.


Eg har teke kontakt med Hanne og har fått lov til å publisere mønsteret som ho har lagt ut, 
så TUSEN TAKK for det Hanne!

Hanne legg no ut mykje på Instagram @hannerimmen og er på Facebook.


Tips frå adventskalender på samme dato tidlegare år:





torsdag 9. desember 2021

9. desember!

 Ein enkel figur i dag også, peparkake laga av filt. Denne kan du sjølvsagt bruke i juletreet, men også i vindauget, på ei grein som dekorasjon, som julehelsing i eit julekort,....ja den har mange bruksområde! Du kan også bruke malen som applikasjon på eit kjøkkenhandkle!



Bildet er frå Pinterest, og har ikkje noko oppskrift, men ein mal som du kan kopiere og skrive ut.



Men om du heller vil bake peparkaker, så finn du denne oppskrifta på Tine kjøkken!




Tips frå same dato tidlegare år:







Ha ein fin desemberdag!


onsdag 8. desember 2021

8. desember!

Ein liten katt i dag, til pynt i juletreet eller som ei lita gåve? Denne er så liten at du kan sende den som ei julehelsing i ein konvolutt!



Bilde frå Pinteres, ikkje noko mønster!

Tips frå same dato tidlegare år:





tirsdag 7. desember 2021

7. desember!

 Kva med ein kopp med varm kakao? Eller noko anna oppi?


På sida til Moda Fabrics finn du mønster til eit heilt koppesett! Sett i gang å sy, så har du det klart til jula starter,.....eller treng du ein ny kopp kvar dag fram til jul?

HER er link til mønsteret!






Tips frå same dato tidlegare år:









mandag 6. desember 2021

Velkommen til julemøtet!

I morgon 7.12 kl 18.30 ynskjer vi alle medlemmane våre velkommen til julemøtet! 

Vi møtest som vanleg på Stokkenes Gjestegard til god mat og prat.


Og sjølvsagt som i alle år tidlegare,  så kjem Nissemor Siv med ein kjekk juleaktivitet til oss! Ta med deg ei god saks til aktiviteten!


Program elles:

  • Ingun frå Primula Design har med seg ei stansemaskin til å stanse ut ulike figurar i stoff. Om du vil prøve dette, så stryk du tynn vliselin på stoff og tek med deg.
  • Ho har også med seg butikken med ma. gode tilbod på stoff!

  • Klubben spanderer god mat og kake til kaffien.
  • Vis og fortel, ta med deg det du vil vise, i tillegg er det fint om du tek med deg ein "julequilt", stor eller liten, som du kan vise oss. Rekner med at alle har noko, og det gjer ikkje noko at vi har sett den før! Gode tips ser vi gjerne igjen!!
  • Lotteri


6. desember!

 I dag viser eg eit bilde av den "romantiske" julebilen. Dette motivet har vore populært i nokre år no og finst på mykje av julevarer i handelen.

Denne er laga i filt og er handsydd, er frå Pinterest og har ikkje mønster. 

Det er enkelt å overføre bilder til eige mønster, legg bildet inn i Word, tilpass størrelsen og skriv ut!


Tips frå adventskalender tidlegare år her på bloggen:

2014: https://nlq2007.blogspot.com/2014/12/rudolf.html

2015: https://nlq2007.blogspot.com/2015/12/6desember.html

2016: https://nlq2007.blogspot.com/2016/12/6-desember.html

2017: https://nlq2007.blogspot.com/2017/12/6-desember.html

2018: https://nlq2007.blogspot.com/2018/12/6-desember.html




søndag 5. desember 2021

5. desember!

Det er sesong for Snømenn her i Nordfjord, så kvifor ikkje ha ein inne også? 

Eller lage ein ekstra og sende som julekort til ein venn....

Modell frå Pinterest, så ingen mønster.
Med du ser sikkert teknikken på snømannen, Square in square!
HER er ein  framgangsmåte om du vil lære den på enkel måte. 
NB! du må lage dine eigne mål om den skal være liten som på bildet!

Adventstips frå tidelagre år på same dato:









lørdag 4. desember 2021

4. desember!

 Dagens tips er enkelt, for i helga treng vi å gjere litt av kvart som vi ikkje rakk før i veka!!


Bildet er frå Pinterest og har ikkje noko mønster. Her er det berre ideen eg deler, eit enkelt juletre som ein spiss trekant klarer alle å få til. Sy på blonder før du vrangsyr, la det være ei opning på undersida, der putter du også inn ein liten pinne til stamme før du syr ferdig.

Adventstips tidlegare år på same dato;

2014: https://nlq2007.blogspot.com/2014/12/4-desembersydag.html

2015: https://nlq2007.blogspot.com/2015/12/4-desember.html

2016: https://nlq2007.blogspot.com/2016/12/4-desember.html

2017: https://nlq2007.blogspot.com/2017/12/4-desember.html

2018: https://nlq2007.blogspot.com/2018/12/4-desember.html

fredag 3. desember 2021

3. desember

Litt å jobbe med i dag....ei Stjerne i teknikken "origami"! Teknikken er oftast brukt med papir, men kan like gjerne brukast med stødig bomullsstoff som ein stryk skarpe brettar på.


Dette er eit mønster med godt forklart framgangsmåte, HER er linken!
Størrelsen er ca 6 3/4 inch i diameter.

Om du vil prøve å lage ei stjerne i papir, så finn du ei oppskrift HER!

Så litt tips frå  same dato tidlegare år:







torsdag 2. desember 2021

Vi skal arrangere!!

Her kjem ei gladmelding til alle som er interesserte i lappeteknikk, quilting og nydelig handverk med stoff i ulike kvalitetar!

Vi skal arrangere REGIONSTREFF VÅREN 2022!

Arrangementet vert på Nordfjordeid laurdag 2. april, så sett av datoen!!



Regionstreff er eit arrangement der vi inviterer alle quilteinteresserte til eit inspirasjonstreff. Regionen vår er Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og naboane våre i aust i Skjåk. Vi har tidlegare arrangert dette treffet to gongar, og andre lag i regionen har også vore arrangør.

Det vert arrangert på tradisjonelt vis med utstilling der både vi i klubben vår og gjester stiller ut, eit interessant og aktuelt foredrag og kjekt sosialt samvær.

Meir informasjon vil komme her etter nyttår, og det vil bli sendt ut invitasjonar til quiltelag vi kjenner til eller finn registrert på sida til Norsk Quilteforbund. 

Gjer merksam på at arrangementet vert ope for alle, ein treng ikkje å være medlem i noko lag for å delta.

Og som alltid i desse koronatider, så håpar vi at vi går gode tider i møte slik at arrangementet kan gjennomførast!

2.desember!

 

Nissen må sjølvsagt være med når det går mot jul! 

Ein nisse i Log-cabin-teknikk er dagens tips!


Bildet er frå Pinterest, ikkje noko mønster så du må velje måla sjølv!

Husker du:







onsdag 1. desember 2021

1.desember

Julemånaden er her og vi som syr og pusler på med litt av kvart, går kanskje ei travel tid i møte. Tidlegare år har bloggen her vore som ein adventskalender med mange små og store tips til kjekke ting å lage. Det kan være noko lite å lage til ein god venn eller til deg sjølv.

Åpner adventstida med ei stjerne, til å henge i vindauget, på juletreeet eller til å putte i ein til ei kjekk julehelsing! I mønsteret er det brukt papir, men denne lager du fint ved å stryke vliselin bak på eit tynt bomullsstoff. Bruk gjerne små sting til å feste bitane godt sammen.


Link til mønster finn du HER!

Håper å kunne komme med litt her kvar dag, så følg med! Det er også veldig kjekt om du vil kommentere eller komme med andre tips rundt same tema på bloggen her eller på Facebooksida. Bilda og mønster eg legg ut er henta frå Pinterest og bloggar knytta til bilder der. Eg har ikkje prøvd ut modellane, så det overlet eg til dykk, kjekt om de viser bilder om de blir å inspirerte at de lagar noko!

Helsing Mariann


Husker du:

2014: https://nlq2007.blogspot.com/2014/12/1-desembersydag.html

2015: https://nlq2007.blogspot.com/2015/12/1-desember.html

2016: https://nlq2007.blogspot.com/2016/12/1desember.html

2017: https://nlq2007.blogspot.com/2017/12/1desember.html

2018: https://nlq2007.blogspot.com/2018/12/1-desember.html