onsdag 1. desember 2021

1.desember

Julemånaden er her og vi som syr og pusler på med litt av kvart, går kanskje ei travel tid i møte. Tidlegare år har bloggen her vore som ein adventskalender med mange små og store tips til kjekke ting å lage. Det kan være noko lite å lage til ein god venn eller til deg sjølv.

Åpner adventstida med ei stjerne, til å henge i vindauget, på juletreeet eller til å putte i ein til ei kjekk julehelsing! I mønsteret er det brukt papir, men denne lager du fint ved å stryke vliselin bak på eit tynt bomullsstoff. Bruk gjerne små sting til å feste bitane godt sammen.


Link til mønster finn du HER!

Håper å kunne komme med litt her kvar dag, så følg med! Det er også veldig kjekt om du vil kommentere eller komme med andre tips rundt same tema på bloggen her eller på Facebooksida. Bilda og mønster eg legg ut er henta frå Pinterest og bloggar knytta til bilder der. Eg har ikkje prøvd ut modellane, så det overlet eg til dykk, kjekt om de viser bilder om de blir å inspirerte at de lagar noko!

Helsing Mariann


Husker du:

2014: https://nlq2007.blogspot.com/2014/12/1-desembersydag.html

2015: https://nlq2007.blogspot.com/2015/12/1-desember.html

2016: https://nlq2007.blogspot.com/2016/12/1desember.html

2017: https://nlq2007.blogspot.com/2017/12/1desember.html

2018: https://nlq2007.blogspot.com/2018/12/1-desember.html

Ingen kommentarer: