Viser innlegg med etiketten dugnad. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten dugnad. Vis alle innlegg

lørdag 23. august 2014

Natronkakebakst!

Då er første bakerunde med førebuing til Låvemessa unnagjort! Denne veka vart det baka 500  nydelege natronkaker!!!!



Vi skal ha ei bakerunde til rett før messa, så no håpar vi at litt fleire skal få smake desse berømte kakene våre under arrangementet 6. og 7. sept. Vi veit frå tidlegare arrangement at desse natronkakene er svært populære både i kafeen og i salsbua vår, og dette prøver vi no å forbetre med å ha dobbel produksjon!

Om du vil ha oppskrifta, så finn du den HER.

torsdag 12. september 2013

Ka dåkke syns????


Då har vi hatt dugnad!! Og firmabilen vår er klar!! Eit kjempeartig prosjekt å jobbe med, vi var berre 4; Reidun, Ingun, Laila og Mariann, men sååå moro vi hadde det.
I eit verkstadlokale sponsa av Stårheim bilverkstad, fekk vi jobbe,.....nesten i fred, for heile tida dukka det opp karar som lurte på kva vi styrte på med. Og så flirte dei litt og rista på hovudet!!
 Men sjå kor lekker han vart! Med initialane våre på panseret, sløyfe på vinduspussarane, og skikkeleg raggarpynt på antenna på taket!!

 Stoffa til bilen er sponsa av Primula Design og Laila U P.
Då gjenstår det å sjå kor mykje merksemd den får på Eidamessa som er på Nordfjordeid i helga, då vert han ståande i nærleiken av Hildenes Gartneri der vi skal ha Drivhusmesse.

lørdag 7. september 2013

Ekstraordinært arbeidsmøte!!

Styret kallar med dette inn til ekstraordinært  hemmeleg arbeidsmøte i forkant av Drivhusmessa!

Oppmøte: Stårheim bilverkstad
Tid: torsdag 12.9 kl 18.30
Kle: Arbeidskle
Sakliste: Kode toyota,....... då slepp du inn i lukka lokale!!!!

Håpar på stort frammøte i denne viktige saka!!

tirsdag 27. august 2013

...og dei baka og baka.....

.......og baka, ja dei baka i hundrevis  med NATRONKAKER i år også! Mellom 500 og 550 kom det rapport om, og bilda viser at dette stemmer nok!




Om du har lyst til å bake Natronkaker, så kjem den lokale oppskrifta her:

2 l kefir
1 pk natron (40 g)
1 toppa ss vaniljesukker
500 g sukker
ca 2 kg kveitemjøl

Kakene klappast ut i ein mjølbolle, dei skal være litt lause. 
Steikjast på takke på middels varme ( brytar på 7).

Det vert ca 75-80 stk av denne oppskrifta.

Ein flott dugnadsgjeng !
 Takk til alle som brukte denne fine kvelden til storbakst!
 (fotograf Laila U. P.)

lørdag 26. januar 2008

Fredriksons fabrikk!!

I dag har klubben hatt første dugnadsdag på Dear Jane teppet. Vi har no fått inn nesten alle 130 lappane!!! Nok til at vi kunne begynne på å setje saman delane. Vi diskuterte litt undervegs kor mange tepper dette skulle bli, vi var i starten sikre på at det iallefall skulle bli eitt stort teppe og nokre små. Ettersom dagen gjekk, såg vi etterkvart kva vi hadde lappar til, så no kjem vi til å lage 2 store tepper og 2 eller 3 små til oppheng!! Tenk så mykje flott vi vil få ut av desse lappane!!

Vi har to blåfargar til mellomverk, og kjem til å ha ein lys beige og ein mørk blå til kant rundt.

I dag har vi vore ca 10 på dugnaden, vi blir om lag like mange i morgon også. Vi er komne godt i gang med arbeidet, og fekk etter kvart gode rutiner. Så gode rutiner at vi begynte å føle oss som damene på Fredrikssons fabrikk! Og det mangla ikkje menn heller, 2 stk. var innom oss så snarast!!(hemmelig resten). Og 2 tillitsvalde hadde vi til stades også, så det vart ordna med matpause og gode arbeidstilhøve!! Denne dugnaden er berre å anbefale, håper at det vert mange som deltek på siste dugnadshelga vår 9. og 10. febr! (Endeleg påmelding på medl.møtet i februar)

Her er delar av lappane lagt ut for å få oversikten!

1. skjærestasjon! 6,5 inch i kvadrat takk!

All the leftovers....


Mellomverk blir sydd i 2 fargar



Reinskjering av mellomverket

Strykestasjon

Her går det unna med dei lange saumane!


Slik blir det ferdige teppet.