fredag 23. februar 2018

Besøk hos "Trapp ned"!

Eit lite reisebrev igjen,....litt forsinka!!

I haust/vinter har underteikna vore to gongar innom butikken "Trapp ned" i Førde. Denne vesle butikken i det gule huset inneheld det meste du treng til ein ivrig quiltar. Her er rikeleg med stoff og det heng mange modellar rundt om på veggane. I tillegg til mykje syutstyr, så er eigaren Marit ei dyktig syerske både innan quilting og saum av kle. Her får du gode råd til det meste!!



Då eg var innom butikken i haust, så vart eg gledelig overraska då eg møtte Mona Bauge der! Ho var ein av kursholdarane som vi hadde då vi arrangerte Vestlandstreff. Denne gongen skulle ho ha eit kurs i butikken med teknikken "oldemorsruter".

No i neste veke, 28.2 og 1.3 skal Mona igjen komme til "Trapp ned" for å holde kurs og inspirasjonsdagar, denne gongen er det ma. toalettveske ein kan sy.  Det er også mange demonstrasjonar i butikken desse dagane.Det er mulig der er ledige plassar enno, så ta kontakt med butikken om du er interessert! Påmeldingsfristen til kurs er i dag!! Om du vil lese meir om dette, så finn du eit innlegg på Facebooksida på datoen 10. februar.



Tlf. 578 22 433








Vi håpar å kunne få Mona til å holde kurs i klubben vår ein gong, energiske Mona er full av idear og gode råd innan syteknikk.  Over er Marit og Mona i ivrig "quiltediskusjon" og under veileder ho ein kunde i kjøp av stoff til ein løper etter mønster av Mona.




Ho har også laga eige mønster til løper og ei toalettveske som er veldig fin.




Her har Mona sett sammen ulike stoffpakker til løparen!

Bilder frå butikken er under her:






























På desemberbesøket var det tydeleg at her var julefargane henta fram!!


 Desse fine hjerta var laga ved hjelp av "krympestoff", ein god ide til neste jul!!







Takk for besøket Marit, blir nok fleire besøk  her når turen går til Førde!!

helsing

Mariann

lørdag 17. februar 2018

Ei veke att!!

No er det berre ei veke att til ei kjekk helg med både årsmøte og kurs!!

Årsmøtet vårt er laurdag 24.2 kl 10 -12 på Stokkenes Gjestegard og vi avsluttar med god lunsj der.

Husk å melde deg på til Ingun  om du vil ha lunsj, og husk å betale medlemskontigenten så du har stemmerett på årsmøtet!!

Kurset vårt denne helga er med Nina Strandsplads, ein kursholdar som er blitt mykje brukt rundt om i andre quiltelag no.  Ho skal også ha kurs under årsmøtet til Norsk Quilteforbund no i vår. Ho vil lære oss teknikken "Buede stjerner" som er svært dekorativ i både tepper og løparar.

Vi gleder oss til dette kurset, for det er alltid så inspirerande å sjå kor mange ulike variantar det blir av same mønsteret ved å bruke ulike fargar!

Tidleg denne veka hadde vi 4 ledige plassar, ta kontakt med Ingun om du vil være med på kurset. Det er "førstemann til mølla" og vi opnar også opp for at andre enn medlemmane kan få plass på kurset! Kontakt då Ingun på nr  99482474.







Under her er  bilder frå sida til Nordstrand og Bekkelaget quiltelag der ho har hatt kurs tidlegare.



Bildet under er frå kurs i Trondheim quiltelag.


No er det berre å begynne å plukke fram stoff du vil bruke og pakke reiseveska di til kurset!!

Velkommen til kurshelga!!