I haust/vinter har underteikna vore to gongar innom butikken "Trapp ned" i Førde. Denne vesle butikken i det gule huset inneheld det meste du treng til ein ivrig quiltar. Her er rikeleg med stoff og det heng mange modellar rundt om på veggane. I tillegg til mykje syutstyr, så er eigaren Marit ei dyktig syerske både innan quilting og saum av kle. Her får du gode råd til det meste!!
Då eg var innom butikken i haust, så vart eg gledelig overraska då eg møtte Mona Bauge der! Ho var ein av kursholdarane som vi hadde då vi arrangerte Vestlandstreff. Denne gongen skulle ho ha eit kurs i butikken med teknikken "oldemorsruter".
No i neste veke, 28.2 og 1.3 skal Mona igjen komme til "Trapp ned" for å holde kurs og inspirasjonsdagar, denne gongen er det ma. toalettveske ein kan sy. Det er også mange demonstrasjonar i butikken desse dagane.Det er mulig der er ledige plassar enno, så ta kontakt med butikken om du er interessert! Påmeldingsfristen til kurs er i dag!! Om du vil lese meir om dette, så finn du eit innlegg på Facebooksida på datoen 10. februar.
Tlf. 578 22 433
Vi håpar å kunne få Mona til å holde kurs i klubben vår ein gong, energiske Mona er full av idear og gode råd innan syteknikk. Over er Marit og Mona i ivrig "quiltediskusjon" og under veileder ho ein kunde i kjøp av stoff til ein løper etter mønster av Mona.
Ho har også laga eige mønster til løper og ei toalettveske som er veldig fin.
Her har Mona sett sammen ulike stoffpakker til løparen!
Bilder frå butikken er under her:
På desemberbesøket var det tydeleg at her var julefargane henta fram!!
Desse fine hjerta var laga ved hjelp av "krympestoff", ein god ide til neste jul!!
Takk for besøket Marit, blir nok fleire besøk her når turen går til Førde!!
helsing
Mariann
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar