søndag 28. oktober 2018

Bilder frå Juletrekurset!

Vi hadde eit flott kveldskurs denne veka, JULETRE-kurs v/Gitte!

Det vart etter kvart litt julestemning i rommet, for her var juletre, nisse, og julemusikk i bakgrunnen!





18 flittige kursdeltakarar jobba på, av og til vart det heilt stilt i rommet,......det er teikn på at HER JOBBAST DET!!!!  Og ja, vi kosa oss alle, bilda viser tre under arbeid og til slutt så vart også nokre ferdige!!









 Dette er ferdige modellar som Synnøve har laga.












 Fine stoff frå Primula design.















Til å montere "putene" på, så har Primula Design fått tak i dette stativet til å træ dei på. Det såg først ut til å være for lavt, men etter kvart så såg vi at dette var heilt perfekt. Kontakt butikken om du treng fleire!!

3-timarskurs ser ut å være midt i blinken for mange, så om medlemmane kjem med ynskjer om tema, så skal vi arrangere fleire slike kurs!!

fredag 26. oktober 2018

Invitasjon til kurs!!

Vi inviterer til eit kurs igjen! 

Denne gongen er vi så heldige å ha fått
  Mona Bauge til å holde kurset "Oldemorsruter"!

Desse teppa er sydd av Mona.



Kurset er 9.-11. november og er på Stokkenes Gjestegård på Nordfjordeid.

  • Fredag    9.11  kl 18.00-21.30
  • Laurdag 10.11 kl 10.00-16.30
  • Søndag 11.11  kl 10.00-15.30


Vi har enno nokre ledige plassar, så vi ber om at medlemmer i klubben vår som vil være med, må melde seg på innan 1. november. Etter denne datoen opnar vi opp for at andre interesserte kan melde seg på.

Påmelding til kursleiar Ingun Vaksdal på Tlf  99482474

tirsdag 23. oktober 2018

Velkommen til kurs!

Berre to dagar er att til JULETRE-kurset! Kurset er 25. okt kl 18-21!

Vi har nesten fullt kurs, men om det er nokon som vil være med no i siste liten, så ta kontakt med Ingun!!

Dei fleste har nok ei aning om kva ein bør ha med seg, men her er ei lita sjekkliste! Du bør ha med deg litt papir (stivt er best men alt går) til å tegne av mønsteret, største stjerne er 27 x 27 cm. 6 deler i alt.

Symaskin: Det er ikkje så mange saumar, så de kan gjerne være fleire om samme symaskin, så avtal med kvarandre.


Materialliste:
·        6 ulike stoff,  2 kvadrat på 5,6,8,9,10 og 12 inch kvar.

·        Symaskin, papirsaks, stoffsaks, blyant, sytråd, synål, tynn kartong/stivt papir til å lage maler av, syntetvatt, pynt til spissane ( 6 høgder med 5 spissar= 30 stk pynt: perler, knapper,sløyfer mm), noko til å montere treet i ( ei potte med oasis eller noko anna du vil bruke), limpistol? Pinne til å træ gjennom delane, pynt til toppen. (Primula Design får truleg tak i pinner med stjerner).

Husk å ta med deg "niste" om du treng det, du får kaffi/te på kurset!
Velkommen til kurset kl 18-21!!

lørdag 20. oktober 2018

Bilder frå Vestlandstreffet!

Medlem Janne var på Vestlandstreffet forrige helg og har sendt oss mange bilder frå både kurs , utstilling og frå foredrag,  Tusen takk for at ho deler litt av opplevinga derifrå, og som alltid så er slike treff til stor inspirasjon!


Vestlandstreffet har vore eit årleg treff (med få unntak) i over 20 år der quiltarar har samlast til kurs, butikksalg, utstillingar og foredrag. I år var treffet arrangert av Egersund og Jæren quiltelag, og det viser seg at det er ingen som har teke på seg å arrangere verken neste år eller seinare. Opp gjennom åra har vi hatt arrangørar over heile Vestlandet, heilt frå Molde i nord og til Jæren i sør i år.

Det er oppretta ei lukka gruppe på Facebook der alle leiarar i laga på Vestlandet er med, ildsjelene Åsta Martine Helena Desire Øvretveit og Mona Bauge er med, repr frå arrangøren i år og Berit Boye frå Norsk Quilteforbund. Alle desse prøver å påvirke lag på Vestlandet til å arrangere treff i åra framover. Kor stort og korleis ein i framtida skal arrangere, er truleg noko som kvar arrangør må få lov å bestemme. Det skal jobbast litt med vedtektene slik at der ikkje er noko som hindrar lag i å arrangere, heller slik at ein blir freista til å ha eit slikt arrangement!

Tida vil vise om det blir noko, her kan du kose deg med Janne sine bilder, fleire bilder finn du på arrangøren si Facebookside (link lenger oppe).

 Her hadde dei god mat på hotellet ser det ut til!!





























 Sjå på denne nydelige quiltinga!!!