fredag 25. mars 2016

Kaffiposevesker!

På Vestlandet har vi grå påske med ein del regn, snart mykje vind og tunge skyer, likevel kjem det litt solglimt innimellom til trøst.

For mange er dette innever,  (vi quiltarar kallar dette flott syvèr!!) men vi kosar oss med god mat og drikke. Kaffi er på menyen hos mange, og om du no har huset fullt av gjester, så er det berre å lage kaffi i lange baner! Men ikkje kast kaffiposane, gjenbruk er IN og du kan lage flotte vesker i ulike fargar alt etter kva sort kaffi du kjøper.


Denne veska er sydd av Lisbet Pedersen og på bloggen sin forklarer ho litt om framgangsmåten.



På bloggen Sy om att er det lagt ut ein detaljert framgangsmåte av korleis ein syr denne veska. Har du over 30 kaffiposar, så er det berre å setje i gang!



Denne veska er sydd av Bergfruas lapper, der er det også lagt ut ein framgangsmåte.


På bloggen til Guro Eriksen er det mange bilder frå eit "kaffiposeveskekurs" i regi av Sola Husflidslag.

 På bloggen til Helles Univers finn du desse flotte veskene. Over her er det Kjeldsberg kaffi, flott gul farge!


På bloggen til Trines Hobby kan du lese meir om desse flotte veskene!

Kjøkkenskriveren har laga Ali-kaffi-vesker!

Vil du sjå fleire bilder av slike vesker, så ligg det mange når du søkjer på Google.
Det er også ei Pinterest-side med nokre bilder av vesker mm.

Som du ser så bør du heretter kjøpe kaffien din etter utsjånad og ikkje etter smak,.....iallefall til du har fått sydd den veska du vil ha. du kan også bruke andre plastartiklar som du kan sy gjennom, det kan være både posar til chips, peanøtter og sjokolade, men også handleposar av litt solid kvalitet.

God påske vidare og lykke til med kaffidrikkinga!!

torsdag 24. mars 2016

Regionstreff!!!

Søndag 10. april arrangerer Førde Quiltelag regionstreff i Førde barneskule. Her finn du innlegget om treffet på bloggen deira.
Bildet er frå bloggen  til Førde Quiltelag.

Vi oppmodar alle som er interesserte i quilting om å ta turen til Førde denne dagen. Eit slikt arrangement er alltid ei god vitamininnsprøyting for oss som likar å styre med stoff og tråd. Her vert det utstilling, fleire butikkar med fristande stoff, modellar og utstyr, ......kan vi ønske oss meir??

Om du vil, kan du også melde deg på foredrag med Trine Bakke, ho driv Lappemakeriet og har skrive fleire bøker om søm og quilting. Gå inn på linkane og sjå mykje fint!!

Arrangementet er ope for alle, det vil seie at ein treng ikkje å være med i ein klubb for å delta, og bur ein utanfor fylket, så er dette eit fint høve til å sjå flott quilting i Sogn og Fjordane!!

Om du ser på invitasjonen så gjekk påmeldingsfristen ut 15. mars, men send ei epost til Turid Førde Solheim, tuf.so@hotmail.com, så er det nok plass til ein til!!!

Frå Eid er vi fleire som reiser, men oppmodar fleire av våre medlemmer til å støtte opp om Førde sitt arrangement!!

Klubben vår har arrangert Regionstreff før, sjå innlegg frå 2008 HER og frå 2014 HER.

tirsdag 22. mars 2016

Bilder frå marsmøtet!

Bilder frå "Vis og fortel" på marsmøtet:
 Gitte har brukt "Hex n more" linjalen, teppet er handquilta!!
 Mug rug



 Mønster frå Quiltemagasinet 6/15.








 Her er x-block linjalen brukt, Laila S.B har sydd denne.
 Bionic gear bag, sydd av Elna.
 "Storm at sea"-linjalen, pute sydd av Torunn.
 Over har Ingun brukt den nye "Sidekick-linjalen".

Primula Design var der som vanleg og frista med nye stoff, mønster og utstyr.










Sjå også innlegget Twister frå i dag, der er  bilder av quiltar sydde med Twisterlinjalen.

Gode kaker til kaffien!
Her er det Dronningkake og Kvæfjordkake over, under er det m.a "Opp-ned nøttekake med vaniljekrem.


Twister!

På marsmøtet hadde vi demonstrasjon av twisterlinjalen. Torunn hadde førebudd seg godt med samansydde lappar klare til skjæring. Her ser du  steg for steg:





Av restane som blir att når ein er ferdige med å skjære, kan ein starte på nytt og gjere klart for bruk av mindre twisterlinjalar! Du kan også lage din eigen linjal ved å lage deg ein mal som passar akkurat til dei kvadrata du har sydd saman.

Nokre av medlemmane brukte linjalen og fekk bruke teknikken.




Bilder av ferdige twisterquiltar: