onsdag 31. desember 2014

Bilder frå julemøtet!

Julemøta i klubben vår har ei eiga stemning! KOS og hyggjeleg samvær er dei rette orda her, og komiteen som hadde ansvar for tilrettelegging av kvelden, har gjort ein strålande jobb. Vi vart møtte i inngangen med nydeleg dekor og lys, og vi kjende oss virkeleg velkomne her, nesten som å komme på julebesøk til ei kjær familie! ......og det er Quiltefamilien!!
Siv frå Lappestua-Eid har fast oppdrag kvart år med å lage til ein koseleg juleaktivitet, denne gongen ei "Snømann-nålepute"!!
Vi sydde, åt, kosa oss, handla i butikkane våre Lappestua-Eid og Primula Design, og hadde Vis og fortel der vi fekk sjå mange fine quiltar som skulle ende som julegåver!


















Frå kurset med Anne B Finnestad på Vestlandstreffet i Florø. Signy Alise er meister for desse to!!







 Eit lite unnatak her, fantastisk strikka koseteppe av flammegarn, samansydd av 4 laaange lappar!

onsdag 24. desember 2014

24. desembersydag!

Det er julafta! Og vi er ved vegs ende i årets adventskalendar som kanskje har inspirert nokon til å lage noko fint til jul? Til å henge opp i juletreet eller til å gje bort, til glede for seg sjølv eller til å glede ein annan?

Det er ikkje sikkert nokon har tid til å sy noko i dag, men tipset er her iallefall.

Dagens vesle quilt er symbolet for jula, eit nydeleg lite oppheng som er applikert. Bildet og mønsteret er frå den amerikanske bloggen "Carla at home"

Mønsteret forstørrar du opp til det passar deg. Enklaste måte er å kopiere bildet, lime inn i Word og "dra i hjørna" til det er passeleg!


Designet er frå dette bladet: [Project from Crafts ‘n Things magazine, December 2007; design by Mary Ayres]

Til slutt legg eg inn link til kjent lesestoff i ei julehøgtid, og ynskjer alle som har følgt med på bloggkalendaren ei God Jul!

tirsdag 23. desember 2014

23. desembersydag!

Det er dagen før dagen, og alle hjerter gleder seg!! Og seinare i kveld kjem nok juletreet på plass!
Her er ein liten julepynt med "to i ett".
 Pynten er eit juletre der det er sydd med dekortrå i gull tett i tett, deretter klipt ut og applikert på hjertet.

Sjå denne vesle stjerna, den er kanskje laga av gullfolie!

HER finn du mønster og framgangsmåte!

Om du vil prøve deg på nokre hjerter utan mønster, men enkle å kopiere likevel, så må du sjå tilbake på innlegget frå 15. desember.





mandag 22. desember 2014

22. desembersydag!

Berre to dagar att til julafta, og det byrjar å minke på tida,....iallefall for oss som har att nokre meter med lukkekantar å sy til for hand!

Då vert det enkle løysingar, sjå berre her kor enkelt du kan gjere det med berre litt stoff, lim og litt pynt!
I Usa er det nok meir vanleg med  denne "gjetarstaven" til julepynt enn her heime, men vi finn den ofte i snopavdelinga på butikkar! Seinast laurdag såg eg slike på Nille, sukkerstenger!
(dette  bildet er frå sida du finn link til under her)

På sida "Eyeballs by day, craft by night" finn du framgangsmåten, men dette er så enkelt at du finn ut av det likevel. Det er pynta med eit hampesnøre og ei lita bjelle, meir skal det ikkje til for å gjere det så fint!!

Skulle du ikkje få tak i ei slik sukkerstang, så har du kanskje gamle bestefar sin stokk?? ....og er den i bruk, så kan det kanskje være kjekt med ein julepynta spaserstokk??

søndag 21. desember 2014

21. desembersydag!

4. søndag i advent og få dagar att av førjulsstria. Ein slik dag som i dag vert ofte brukt til å få på plass juletreet,......for ein plass må det komme frå!

Nokre gøymer det på loftet år etter år ( sjølvsagt plasttre då!!), nokre har eigen skog medan andre kjøper  sitt på lokale "juletretorg". Og kva slag tre skal ein velje? Eit tre er ikkje berre eit tre, her er det ulike tradisjonar og minner som skal vere med på valet.

Å legge ut berre eitt tre her, vert difor litt feil, så her kjem nokre ulike sortar som er å finne på nettet.
Ein enkel modell der du syr på stjerner før du vrangsyr det og fyller med litt vatt. Det ser ut som om nokre av stjernene er sydde tvers igjennom etterpå for å holde treet flatt.
Fint brodert tre som er applikert på ei bakside.
"Trekant-tre", enkle i forma, dei to fremdte er i teknikken "Flygande gjess". Desse kan du bruke enten til å pynte treet med, eller å bruke det som lapp på ei julegåve der mottakaren kan bruke det til juletrepynt etterpå!!

Det same kan du kanskje gjere med trea under her også, dei kjem frå den nederlandske bloggen Scraponique.
Ganske enkelt, men dekorativt er treet under !
Eller lag på lag i filt? Lekkert pynta med glasperler!

Her er eit ekstra fargerikt lite filttre! Dette vil nok barn like veldig godt!
Dongerystoff kan også brukast, og til akkurat dette treet ligg det ute mønster til på bloggen One crafty mumma.
Det finst eit hav av idear på Pinterest, lure søkeord er Christmas, quilted, ornaments!

lørdag 20. desember 2014

20. desembersydag!

No er det på tide at nissen gjer seg klar til julejobben!
På bloggen til Vanessa Biali finn du denne vesle nissen, ho har også laga link til framgangsmåten, HER finn du den.

Her må du sjå på bilda og finne ut av det så godt du kan, for ut frå det eg kan skjøne, så er ho frå Brasil.   Då er språket portugisisk,.....og det er det vel ikkje mange av oss som kan! Der er ikkje link til Google translate på sida, men bilda er mange og gode!

Sjå berre på den fine detaljen på lua under her!



Slik ser mønsterdelane ut:

MØNSTER: Når du går inn på sida, så ligg det ein link rett over bildet av desse mønsterdelane. Det gjekk ikkje å kopiere linken, men klikk på der det står Moldes, clique aqui.
.....like fint med ein lyseblå nisse kanskje?