søndag 7. desember 2014

Eit nydeleg juleteppe!

Eit nydeleg juleteppe, Christmas Wishes, designa av kjende australske Lynette Anderson!


No er det berre å håpe at mange medlemmar er ferdige med alle juleførebuingane, for dette mønsteret er GRATIS!! HER kan du laste det ned, og så er det berre å  kose-sy dei neste to vekene.........ja, ein kan vel ha lov å ønsketenkje slik! 

Sjå også på heimesida til Lynette, der finn du eit nydeleg juleteppe som heiter Scandinavian Christmas, dette mønsteret må du nok kjøpe. Reknar med at du får tak i det i våre quiltebutikkar, spør dei først! Primula Design og Lappestua-Eid.

HER er også Facebooksida hennar!

Det ser ut til at kreative Lynette er i skikkeleg gje-bort-humør, for på heimesida ligg det også linkar til å laste ned gratis julekort som ho har designa. Dette må då være fint å gje bort til ein quiltevenn!
HER er link til julekortet!

Same bildet kan du også sy som stitchery, det er også gratismønster!

HER er link til stitcherymønsteret!

Om du treng meir gratis mønster, så finn du mange til å laste ned HER!

Stor takk til Lynette for alt dette, send henne gjerne ei julehelsing på Facebooksida hennar om de kan!

Ingen kommentarer: