lørdag 6. desember 2014

6. desembersydag!

Kunne ikkje motstå denne utgåva av Rudolf!

Figuren er laga av filt og er koseleg handsaum som du kan kose deg med i helga. Mønsteret ligg ute på bloggen Giuliana handmade. Bloggen er på eit språk eg ikkje kan, men det ser ut som ho er frå Brasil, der er portugisisk hovudspråket. Men ved å lese det eg skjønar, så bur dama i Dubai i dei Arabiske Emirata! Til og med der treng dei ein Rudolf altså!!

På bloggen er det ikkje mønster til å skrive ut, men har lagt ut dette bildet over som de kan kopiere og forstørre i Word og skrive ut.


Ingen kommentarer: