søndag 31. august 2008

Eit aldri så lite SYTIPS???

Måtte berre legge ut dette bildet, fann det på nettet, men kan det være bilen til Signy-Alise som skjuler seg under??? (det liknar veldig!!) Iallefall ein fordel å ha liten bil når ein skal sy dette! Kan nok være fint å ha eit slikt cover når ein skal på Quiltetreff!!!

Vi får vente spent på å sjå kven som er den første med ein slik bil i klubben vår!

Junimøtet!

På kalendaren sin siste sommardag i år så er det på tide å få på plass sommarutstillinga vår frå avslutninga i Jektehola. Mykje fine arbeid var utstilte på snorene mellom trea sjølv om det var få medlemmer som hadde med seg noko til utstillinga. Det var likevel stor og flott variasjon i utstillinga, store og små arbeid, og bruksting av ulikt slag. Bilda fortel sjølve!
Og som vanleg mykje god mat og flott ver langs den nydelige plassen ved Eidselva på Nordfjordeid.Dette er ikkje salat!!! .....men lotteriet!












Ein vinfisk!.... som ser langt etter vatnet i elva???




Meshwork





No startar vi igjen!!

Velkommen til nytt møte komande tysdag!


Som de vil sjå på møteoversikten på høgresida på bloggen, så er det Ingun som lagar til eit opplegg til oss dei to neste møta,


"HANDLENETT".

(det er nok ikkje akkurat slike nett vi skal sy, bildet er frå utstillinga i Jektehola no i juni)
Har fått melding frå henne om at de må ta med symaskin.

Epost er sendt ut til alle medlemmer som eg har registrert, men er det nokon som eg ikkje har adressa til, så må de gje beskjed.

torsdag 28. august 2008

Ingun kurser igjen!!

No må alle kurshungrige kikke i bloggen til Ingun, der fløymer det over av kurskveldar for ein kvar smak.

PRIMULA DESIGN




.....og m.a. desse stoffa finn du i butikken hennar!

tirsdag 12. august 2008

Ein ny bloggar i klubben!!

Så kjekt! No har klubben fått seg endå ein bloggar, nr 10 i rekka! GRATULERER! No håpar vi på at når haustsesongen byrjar, så vil kanskje fleire ha lyst til å lage seg blogg???

Og til den som har lyst,..... spør ein av oss som har blogg, vi kan sikkert hjelpe deg!

Oj, de vil kanskje vite kven som har den nye bloggen, de får gjette litt, men bloggen heiter Halling Jenta, så då anar de vel resten?