mandag 30. september 2019

Oktobermøte!!

Velkommen til nytt quiltemøte i morgon 1. oktober!


På dette møtet startar vi opp med "Nåleputestafetten" som aktivitet. Vi har kjøpt ei bok full av idear til flotte nåleputer, og vi har utfordra medlemmane våre til å velge ei nålepute som dei syr modell til og lærer teknikken vidare til oss andre på møtet.



Denne gongen er det Janne som har teke utfordringa, og no er vi spente på kva vi skal lage. Det du treng å ha med deg er:

  • Vanlige sysaker til handsaum
  • Stoffbitar i fargar du likar
  • Fyllvatt
Onsdag 2.10 er vi inviterte til klubbmøtet til Gloppen Lappe- og quilteklubb, og vi har antyda til dei at om lag 15 av oss kjem på besøk. Vi håpar at dei som har tenkt seg på møtet, vil komme på vårt klubbmøte slik at vi kan samordne køyring.

Gloppen har "handlenett" som syaktivitet, så om du har sydd eit, må du ta med deg til "Vis og fortel"! Ta også med deg utstyr og stoff om du vil sy på dette møtet, gjerne mønster og gode tips!

På vårt møte i morgon vert det vanleg møteaktivitet med:
  • Lotteri
  • Kaffipause
  • Primula Design med quilterelaterte varer
  • Vis og fortel

Velkommen til møte!

fredag 13. september 2019

Invitasjon til naboklubben vår!

Onsdag 2. oktober er vi inviterte til klubbmøtet til Gloppen Lappe- og Quilteklubb. Dei har møtetid kl 18-22, når og korleis vi reiser avtaler vi på vårt møte som er dagen før.

Vi er ca 15 som førebels har lyst til å fare på besøk.


Dette bildet er lånt frå sida deira!

Vi oppfordrar alle til å ta med noko til "Vis og fortel" og sidan dei har "handlenett" som tema på møtet, tek du med ditt tips til handlenett. Det er også høve til å ta med symaskin vil de sjå under her.

Her er klipp frå sida deira:


Oktober:
Handlenett, fokus på miljø og redesign ved Elin.

Ta med stoff til enkelt (stødig stoff, franske saumar) eller dobbelt handlenett (gamle dynetrekk er fine til for). Vatt er unødvendig i desse. Du treng symaskin.

Det er flott om medlemmar som har sydd handlenett, tek dei med og viser. Dersom du har andre ting du har sydd av brukte stoff/klede etc., ta med, så lagar vi utstilling. Vi skal inspirere kvarandre!

søndag 1. september 2019

Quiltemøta startar opp att!!

Tysdag 3. september er vi i gang att med våre kjekke møter på Stokkenes Gjestegard.

Møtetida er som før: kl 18.30-21.30! 


Velkommen til møtet til alle medlemmer og til nye som har lyst til å bli med i klubben vår.

Det er ikkje spesielt opplegg på dette møtet, men vi håper at du tek med deg eitt eller anna som du syr på.

15 av klubben sine medlemmar har denne helga vore på syhelg i Vedvik, og på møtet vil du kanskje få sjå noko av det vi har sydd på. Ein liten sniktitt her på noko som er under arbeid, for temaet var ma. bruk av stoffrestar!!

Litt info:
  • Det er ynskje om at dei som er med på "systafetten", tek med blokkene sine på møtet, ferdig eller ei, men litt greit for dei ulike gruppene å snakkast om kor langt ein er komne.
  • På junimøtet fekk alle mønster til ein blomst, med oppfordring om å bruke motivet i ei nålepute. No er vi spente på om det er blitt noko resultat..... så ta med deg!! Og er du ikkje ferdig, så kan du få tips til å sy på den på møtet, Ta med deg stoff og fyllvatt i så fall!
  • Primula Design er der med mykje flotte varer.
  • Kaffipause v/desse matvertane: Laila Brekke, Britt Hanebrekke, Bodil Johnson, Ingun Vaksdal.
  • Lotteri med quilterelaterte gevinstar.
Velkommen!