tirsdag 25. desember 2018

Julekunst i tekstil!

Etter adventsserien med mange ulike forslag til julekort, så vil vi toppe dette med eit fantastisk julekort!

Tekstilkunstnaren Iina Alho har laga dette flotte kortet med dei tre vise menn.

(bildet er lagt ut etter samtykke av kunstnaren)


Om du ikkje kjenner til Iina frå før, bør du gjere eit besøk i bloggen hennar, Symaskinpoesi! 

Iina bur på Hamar og har drive med Art Quilt i lang tid, og har hatt fleire utstillingar på Hamar. Inspirasjonen hennar kjem frå ulike tema, sjå under her kva ho skriv på bloggen om kunsten sin:


"Når jeg lager mine art quilter, er jeg så å si alltid inspirert av lyrikk, litteratur, et sitat fra Bibelen, en sang eller en salme. Om en tekst beveger meg, føler jeg ofte at jeg ikke har noe valg: jeg sy en art quilt til den. Hvert bilde blir på denne måten et resultat av en unik kunstnerisk prosess."


På bloggen kan du sjå bilder frå utstillingar, utruleg mykje flott å sjå! Der står det også at neste utstilling vert på Hamar i juni 2020! Så sett av tidspunktet og planlegg eit besøk der!

Iina sine flotte arbeid finn du også på Instagram og Facebook


Bildet laga Iina julekort av på papir (fotobutikk på nett), slik vart kortet med blå kant på sidene. Eit flott tips til andre som vil bruke eigne quiltar som motiv på julekort!

Tusen takk til Iina for at ho deler slike flotte uttrykk i ord og bilder med oss. 

Underteikna har vore i kontakt med Iina og har fått lov til å legge ut dette bildet, så ekstra takk til deg Iina og God jul vidare!

mandag 24. desember 2018

24. desember!

Julafta! Og siste dagen  med julekort i adventskalenderen vår!

Dagens julekort er eit kort til deg sjølv og dine, det egner seg fint til stitchery.


Eit kjent motiv frå bibelhistoria knytt akkurat til denne dagen.

Dette bildet av mor, far og eit lite barn er også symbolet for tru, håp og kjærleik.

Den enkle forma med runde linjer gjer at bildet gjev eit rolig og fredfullt uttrykk.

NLQ ynskjer  alle våre medlemmer og andre som har følgt bloggen vår ei

GOD JUL!!
.....og håper at mange har hatt glede av å følge årets adventskalender!

Helsing
Mariann L. Hatlenes
-leiar-

søndag 23. desember 2018

23. desember!

Dagen før dagen!! På tide å få inn juletreet og pynte det!! 


Så herved får du tips til pynting samtidig med at du lagar nest siste kort!! Og du får mange tips!! Det er ikkje enkelt å plukke ut få bilder når det er så mykje fint å finne på Pinterest! Her er eit utval der ulike teknikker er brukt, frå det heilt enkle med ein stoff bit, noko sydd med grov tråd og motiv som du kan bruke til stitchery!













Lykke til med ditt juletre!!

lørdag 22. desember 2018

22. desember!

Berre to dagar att til jul, og dagen i dag vert nok ein "huske å gjere" og "huske å kjøpe"-dag.

Ikkje så mykje tid til å styre med julekortlaging  i dag, så då er motivet på dagens kort fort å lage.


Snøkrystaller!

Enkelt og stilisert motiv som du lagar raskast ved å sy for hand. Ein knapp i midten er også brukt til å dekorere med.


Du kan også klippe snøkrystaller ut i stoff og applikere .


Bakgrunnen er også viktig for å få fram effekter, sett på band eller kombiner med stoff i bakgrunnen!

(alle bilder frå Pinterest)

Lykke til med laurdagsarbeidet, enten det er med kortarbeid eller andre juleførebuingar!

fredag 21. desember 2018

21.desember!

I dag er det 21. desember , årets mørkeste dag og sola snur!!!  Kortet i dag burde egentlig ha ei sol på, men det er vel ikkje akkurat typisk julepynt her hos oss.

Vi får heller konsentrere oss om siste innspurt med julekort! I dag er det julepakker på korta, det står nok i stil med det vi styrer med mest no, har vi ordna alle julegåvene??


 Men eit julekort med ei helsing på kan også være ei fin julegåve til ein slektning eller ein venn, for husk at det er omtanken som tel!



 Korta lagar du enten enkelt ved å lime stoff rett på papir, eller så applikerer du på eit bakgrunnsstoff!



Alle bilda er frå Pinterest.

Lykke til med dagens kort!!


torsdag 20. desember 2018

20. desember!

Å ja,....vi venter på snøen her i vest,..iallefall vi som bur nede langs fjorden. Vi må liksom ha snøen som bakteppe for den rette julestemninga, så kanskje julekort med snømann kan kalle på den?


Når det dukkar opp så utruleg mange fine og varierte snømenn på Pinterest, ja då er det jammen vanskeleg å velge berre ein. Utvalet her er likevel sortert ut som 3 nivå:
  1. Superrask å lage som  den under her, her treng du nesten berre sløyfe og knappar og auger,....
  2. Som den øverste her, eit koselig motiv i applikasjon. Denne er nesten finare med handsaum enn med maskinsaum, men tek litt meir tid då!
  3. Den nederste her som er sydd i tette korssting, nydelig motiv og fargar!! 



Ønsker deg og snømannen lykke til!


onsdag 19. desember 2018

19. desember!

I dag kan du pynte julekortet ditt med ei stjerne! I det flotte veret vi har hatt i det siste, så har vi kvar morgen kunne sjå den lysande "julestjerna" på himmelen. Polarstjerna er vel det rette namnet.

Såleis har stjernesymbolet vore sterkt i samband med jula både i naturen, i bibelhistoria og i mange av våre kjende julesongar.  Vi kjenner vel alle til Prøysens tekst: "....du ser den over taket der a jordmor Matja bor!"

Her er nokre enkle forslag  til å lage stjerner frå Pinterest:




Som du ser er det brukt papir til desse stjernene, kombinasjon med papir og stoff går fint å bruke, men du kan like gjerne lage alt i stoff. Klipp ut og bruk applikasjonsvliselin, du treng rett og slett ikkje å sy eit sting då!!



Lykke til med julekorta dine!!

tirsdag 18. desember 2018

18. desember!

No ventar vi på julesnøen her på Vestlandet! Mange i indre og høgare strøk i området her har nok fått litt snø, men no håper vi at den kjem på bestilling så vi kan lage fine snømenn!!

SNØMENN!!

Å lage  ein snømann er fort gjort, iallfall om du har kvite knappar!!

2 eller 3 knappar er alt som trengs, noko til hatt og ei sløyfe, og så er det klart! Du kan sy eller lime knappane rett på litt stiv kartong!! 

Lykke til med dagens kort!


(bilda er frå Pnterest)

mandag 17. desember 2018

17. desember!

Vi har no starta på siste veka før jul, og det er på tide å tenke på juletre!!

Og eit heilt enkelt tre lagar du også fort med nokre stoffremser som du syr fast på eit bakgrunnsstoff.




Her kan du velge å lage eit vanleg grønt tre eller friske det opp med farga stoff!



Alle bilder er frå Pinterest!

Lykke til med "skogsarbeidet"!!!

søndag 16. desember 2018

16. desember!


I dag kan du lage eit julekort med Kristtorn!

Desse grøne og kvasse blada er typiske i juledekorasjoner, både ute og inne. fine åleine eller i lag med anna dekorasjon. Ein kan kanskje lure på kvifor akkurat desse er brukt, her er eit par teoriar:

  • Dei har eit namn som er knytt til religion/Kristus
  • Dei er av dei vekstene som har grøne blad året rundt
(bilde frå Pinterest)

Dette motivet kan du bruke på to måtar:

  • Du kan brodere det
  • Du kan klippe det ut i stoff og applikere det.
Lykke til med julekortet,......men når du er ferdig i dag, så må du skunde deg og få det i postkasse for i dag  er det sendefrist i Posten for pakker og brev!!




lørdag 15. desember 2018

15. desember!

I dag er det eit motiv med lange tradisjonar på julekort. Dompap og andre småfugler har ofte vore med på fine vinterbilder, på greiner, i julenek og på fuglebrett.

Den raude bringa er eit godt kjennetegn for dompapen, noko som gjer at den også er dekorativ når ein lager den i stoff!

Begge bilda er laga i enkel teknikk, den øverste ser ut til å være i handsaum, applikert kropp og quilta for hand. Den nederste sydd på maskin, både applikasjon og quilting er gjort med kun rette saumar. Knappar er brukt på begge.
Begge bilda er frå Pinterest.


Ha ein fin sylaurdag, og husk på dei ekte småfuglene ute med litt mat!!

fredag 14. desember 2018

14. desember!

Julekortet i dag klarer du fint å lage, og her er det om å gjere å finne små skatter i restekorga!

(bilde frå Pinterest)


Tips til framgangsmåte:


  • Det er ikkje store bitane som skal til her, og det er berre å setje i gang med å sy "Crazy quilt" av dei bitene du finn! 
  • Ikkje sjå på bitane på bildet her, berre sy i veg til du har fått stor nok flate! 
  • Stryk godt og finn deg eit passande drikkeglass til å tegne rundingen! 
  • Appliker på eit bakgrunnsstoff. 
  • Fest på ei sløyfe av ullgarn, lingarn eller hamp.
  • Det er heilt sikkert nokon som blir glad for dette kortet!!

Lykke til!

torsdag 13. desember 2018

13. desember!

Litt stitchery er tipset til dagens julekort!

(bilde frå Pinterest)

Du kan gjere det fort som på bildet over! Her er det brukt eit stoff til bakgrunn, og motivet kan du sy for hand eller med symaskina!



(bilde frå Pinterest)

Om du har tid til å sy mykje for hand, så er dette eit enkelt motiv der stjerna i toppen kan være ein knapp!

Lykke til!

onsdag 12. desember 2018

12.desember!

Julekortet i dag er eit ekte LAPPEKORT!!

Om du er av dei som driv og kastar små stoffrester, så slutt med det no!!
(bilde frå Pinterest)


Sjå på desse fine korta der det er brukt bittesmå lapper!! Små kvadrat på ca 1,5 x 1,5 cm er nok til å lage dette!

Så ta eit dykk i søppelkorga, slå eit slag for gjenbruk av "avfall" og gled ein venn med eit fint julekort!

Ha ein fin lappedag!!

tirsdag 11. desember 2018

11. desember!

I dag viser vi eit enkelt men samtidig eit nydelig kort! Litt antikt stilen!


(bilde frå Pinterest)

Juletrekort!

Her er det applikert 3 spisse trekanter, 3 knappar øverst og med ei stjerne på den midterste. Legg merke til den vesle biten med tyll på stjerna, den lagar ein flott effekt. I første augekast ser dette ut som 3 damer i kjole,.. :), men det er nok mest truleg juletre som er motivet her!!

Legg også merke til saumane rundt øverst delen, sjå kor flott det kan bli med ein litt rufsete sikk-sakk saum!!


mandag 10. desember 2018

10. desember!

Ingen jul uten Rudolf!!


(bilde frå Pinterest)

Så enkelt kan det gjerast! Litt hampesnøre, ein knapp og paljetter er det som trengs, sy fast, og kanskje litt lim under snøret her og der! 

Lykke til!

søndag 9. desember 2018

9. desember!

2. søndag i advent, og mange har sikkert mange planer for dagen! Men dagens tips er er eit som det går fort å lage!

(bilde frå Pinterest)

Her er den aller raskaste metoden brukt,....stoff rett på kartong! Ei rund kule tegner du rundt eit passe stort glas. Du kan velge om du vil lime det på eller applikere med symaskin. Eit hampesnøre til sløyfe øverst og vipps, så har du eit unikt kort!

Lykke til og god søndag til alle som følgjer adventskalendaren her!


lørdag 8. desember 2018

8.desember!

Dagens julekort er ein  julekrans som er sett sammen av hjerter.
(bilde frå Pinterest)

Om du ser godt etter, så er hjerta laga som kvadrat med to avrunda hjørner, og hjerteforma kjem fram når desse blir lagde oppå kvarandre.


Her kan du velge ulike måtar å lage denne kransen på.

  • Filt eller vanlig stoff kan du bruke til hjerta
  • Du kan lime bitane rett på kartong 
  • Du kan sy fast på kartongen med få sting 
  • Du kan applikere med maskin på eit stoff og så lime dette på kartong
Lykke til med julekortet!

fredag 7. desember 2018

4 gode syvenner!

I lokalavisa "Fjordabladet" var det i dag ein stor artikkel om 4 av våre medlemmer i klubben. Dei kosar seg i lag og treffes ofte utanom møta våre. Her kan du lese artikkelen om dei, skriven av redaktør Ingebjørg N. Stokkenes.

Fire fargeglade damer med felles syglede


Dei møtast heime hos kvarandre til felles syhelger. – Vi fann ein felles interesse, og så er det supersosialt å møtast slik, smiler dei fire blide damene.
Denne gongen møtast dei heime hos Gitte Lefdal i Leivdalen – i eit julepynta hus. Her troppar Aslaug Berget Alsaker, Linda Honningsvåg og Synnøve Oddny Torheim opp med symaskinene sine under armane.
– Det er moro å få bruke kreativiteten, og så ser ein resultatet når ein skjer og syr i hop stoffet, seier Aslaug, før symaskina durar vidare i veg.

Byter på

I tre år har dei møttest slik – i rykk og napp. Dei har også hatt syhelg på Gol.
– Vi byter på kven syhelgene er hos, og så prøvar vi også å treffast på kveldar innimellom, fortel dei.
– Det vert reine symaraton. Når vi har syhelg så syr vi på dagen, og har god mat og drikke på kvelden, fastslår Synnøve. Dei er alle med i Nordfjord Lappe- og Quilteklubb, og ideen om syhelger kom opp etter ei samling på Hjelle skule.
– Vi fann ut at vi kunne vere heime med kvarandre, fortel dei.
Og når ein møtast slik over symaskina ved langbordet er det mykje drodling og løysing av verdsproblem ein får unna.


Stoffgal

Dei påstår dei ikkje er utstyrsfanatikarar, men innrømmer at pengane kan gå fort når ein er stoffgal.
– Men vi prøver å låne utstyr av kvarandre, slik som spesielle linjalar vi må bruke, seier dei.
Og når mannfolka gjerne har alt av utstyr i garasjen eller verkstaden sin, er syromma til desse damene minst like innhaldsrike.
– Men ein treng ikkje kjøpe av dei dyraste symaskinene. Ein klarer eg fint med ei heilt enkel maskin som har dei saumane ein nyttar mest. Så kan ein heller ønskje seg dyrare broderimaskiner etter kvart, påpeikar damene.
– Eg kjøpte mi første symaskin av konfirmasjonspengane mine, og eg har den ståande framleis, fortel Synnøve.

Ulike maskiner

– Eg har alltid quilta for hand, om du vil ha maskin som gjer jobben må ein opp i storleik, men ein kan fint klare sy enkle ting med mindre maskiner, seier Gitte, som har ny maskin på si ønskjeliste.
Damene ramsar opp ulike maskiner dei har; kursmaskin, reisemaskin, broderimaskin.

– Men ein kan sy med ei heilt vanleg maskin, seier Synnøve, som også syr kle.
– Det er akkurat som med bil, ein kjøper ikkje det største og dyraste med ein gong. Ein må spare ei stund. Alt til si tid, smiler Aslaug, som har investert i ei maskin til 50.000 kroner.
Dei er samde om at det ikkje er problem å bruke pengane på mykje utstyr til hobbyen, men at ein ikkje treng å gjere det.
– Men vi blir lett hekta på stoff og sytilbehøyr, seier Synnøve. Dei påpeikar at dei gjerne byter stoff og utstyr med kvarandre. Dei har alle knappedilla, og hiv ingenting som ken brukast i eit syprosjekt.

Trimmar lattermusklane

Også Linda blei biten av basillen, og er med i gjengen.
– Dette er veldig trivelege og kjekke damer, fastslår ho, som meiner ho ikkje er så veldig til å sy sjølv, men at ho har noko å strekkje seg etter.
– Og så får vi trimma lattermusklane når vi møtast, seier Synnøve.
Linda og Synnøve deler også hageinteressa, og har titt tema å snakke om der.
Linda syr mykje stichery – småbroderi.
– Det er best å sy småting som eg kan få i mål, smiler ho.
Synnøve presiserer at ho likar best å sy med maskin, medan Gitte synest det er kjekt å sy slumretepper, og noko som går litt fort.
– Det er berre fantasien som set ein stoppar for kva vi kan lage, seier Aslaug.

Jul heile året

No er jula like rundt hjørnet, men desse damene tenkjer jul heile året.
– Skal vi bli ferdig med juletinga så må ein begynne i januar med å sy. Vi syr til jul heile året, fastslår dei.
Ein skulle kanskje tru at desse syglade damene hadde fullt av sydde løparar, veggbilde og anna fylt opp i heimane. Men dette avviser dei.
– Det vert ein heil del gåver til dei vi veit likar slikt, og så blir det mykje basargevinstar eller vi sel til dei som vil kjøpe. Og har eg ein løper liggande på bordet så forsvinn den til ein kvann etter kort tid, smiler Gitte og syvenninnene.
(beklager det lange smale innlegget, men det vart berre slik ved kopiering av e-avis! Bloggredaktør)


7. desember!

Litt applikasjon i dag!

Eit par småfuglar,....ikkje akkurat likt dompaper då! "Nissemeis" kanskje??

Men enkle og stiliserte fuglar i julefarger som du kan applikere enten for hand eller på symaskin!

(bilde frå Pinterest)