mandag 31. januar 2022

Februarmøte!

 Vi ynskjer  velkommen til Februarmøte 1.2. på Stokkenes Gjestegard.


Hjerteengel frå Bernina, gratis mønster!

Denne gongen har vi "langdag" og dørene opnar kl 12 for alle som har høve til å komme.

Kl 18.30 starter vanleg  møte.

Aktivitet heile dagen vert litt dugnadssying av blokkene vi har samla inn. Ta med symaskin! Husk å ta med dine blokker om du ikkje har levert dei tidlegare! Du kan sjølvsagt også ta med deg eige syarbeid.

Ta med deg mat til heile dagen, klubben ordner med kaffi/te. 

Møtet etter 18.30 vert etter vanleg mønster med:

  • Diverse info frå styret
  • Lotteri
  • Primula Design kjem med butikkvarer 
  • Vis og fortel

Torunn har også skrive på eposten til alle at den som har, tek med det som er laga med Decoupage! Dette vert tema på Marsmøtet!

Velkomne til alle!


onsdag 26. januar 2022

Bilder frå Desembermøtet!

 Julemøtet med mange frammøtte! God mat spandert av klubben og nissen Siv kom med spennande aktivitet! Nisser med lue som bildet under viser!