søndag 29. juni 2014

Bilder frå maimøtet

 Mange hadde teke med seg stjerneblokker som er sydd etter mønster som vart lagt ut på bloggen i februar/mars. Du finn eitt av mønstra HER , du kan også klikke på "Mønster" under Etikettar som du finn på høgresida på bloggen, litt langt nede. Der er heile 89 innlegg med mønster om du treng inspirasjon til noko!!

Medlemmane var oppfordra til å sy ei blokk i svart/kvitt til eit fellesprosjekt til klubben. Mange hadde teke oppfordringa og leverte inn ei blokk, og vi håpar at det kanskje dukkar opp endå fleire no når dei ser desse blokkene. Vi har fått inn berre ei blokk med svart bakgrunn, du ser den så vidt oppe i hjørnet på bildet under her, vi tek gjerne imot nokre svarte blokker til! Blokkene skal vi sy sammen i felleskap når neste sesong byrjar, skal nok bli noko fint ut av dette! Tusen takk til dei som har levert blokker sålangt!



 Nokre fine vesker frå Dongeryveskekurset!










Fine vesker i bruk,.....desse oppdaga bloggred. under borda på møtet!!!!!!

 Vesker med bilder, desse hadde Primula Design med seg for visning.


 .......og så kosa vi oss med kaffi og myyykje god mat. Ikkje rart at vi trivast på møta våre!



lørdag 28. juni 2014

Bilder frå aprilmøtet!


 Vis og fortel på aprilmøtet var prega av mange flotte dongeryvesker frå kurset med Liv Ingunn Holvik. Veskene er etter same mønster, men likevel så ulike pga. ulik dekor frå dongerybukser!

Eit flott hjerteteppe laga med Twisterlinjalen  vart òg vist fram!








 Denne veska var laga av ei gammal skinnkåpe!






 Kreative hankar av bukselinning!



Bilde laga på marsmøtet, "Crazy egg".







tirsdag 24. juni 2014

Ei sommarveske......

Denne flotte roseveska dukka opp her ein dag, på bloggen til Ullas Quiltworld. Skikkeleg sommarleg med ei bord med roser øverst.

Kikk no på desse rosene,..... er det nokon av dykk som var på junimøtet som ser noko kjent her??

Akkurat ja! Det er ei bord med rosene som vi hadde som tema på møtet!


Her er to roser som vart laga på møtet, kjempefine!


 Desse to har Torunn laga som modellar til junimøtet.

Under her ser du kor fint det kan bli med fleire roser på rad!

Det er ikkje mønster til Ullas veske, men der ligg framgangsmåten som ho har brukt til sine roser. Den overste delen av framgangsmåten er om du skal lage "roser i eit kvadrat" som du kan bruke til veska. Den nederste delen er 6-kantar slik vi gjorde det.

Lykke til om du vil prøve deg på dette!