onsdag 18. juni 2014

Triangel og trekantar!


Ja om vi kallar det triangel eller trekantar så betyr det ikkje noko. Det som betyr noko, er FARGEN på dei!! Og akkurat det er det vi som er ekspertar på!

Og vi er mange ekspertar rundt om i landet! Truleg mange fleire enn vi veit om, for det er ikkje alle som er med i eit quiltelag eller ei sygruppe. Vi som har vore med i eit lag i fleire år, veit kor kjekt, nyttig, inspirerande og sosialt det er å være i lag om ein felles hobby. Så om her er lesarar som ikkje er med i noko lag enno, ta kontakt med eit lag i nærleiken av der du bur, du blir varmt velkommen! Og kjenner du ikkje til kvar du finn eit lag, så ta kontakt og meld deg inn i Norsk Quilteforbund, der får du hjelp! I siste blad til NQF som nyleg kom ut, hadde dei teke med i lederen ei oppfordring frå oss om å registrere seg! Dette vart vi veldig glade for, fordi vi hadde problem med å finne fram til quiltarar som vi kunne invitere då vi hadde Regionstreffet. Og dei som fekk personleg invitasjon frå oss, dei vart veldig glade for det! Så oppfordringa her er at så mange som råd melder seg inn i NQF eller eit lag, då får du såååå mykje meir glede av hobbyen!
Vel, det vart visst eit lite sidesprang frå trekantane her, men må også få ta med at vi fekk heile 3 SIDER omtale og bilder frå Regionstreffet i siste medlemsblad til NQF!!
Som de ser, så er det limt inn to bilder av quiltar. Begge er laga av trekantar eller triangel etter same teknikk som stod i innlegget i går. Og som eg starta med øverst, så er det kun plasseringa av fargar  som avgjer resultatet!
Tidlegare var det eit firma i Bergen som kalla seg "Tre damer", dei hadde eit opplegg som dei kalla "Tryll med trekanter", der dei brukte "triangelpapir". Når ein ser alt ein kan få til med akkurat desse rettvinkla trekantane, så er det som å trylle!
Ved søk på nettet etter triangelpapir, dukka det opp ein link hos Elverum Quiltelag.

Sida heiter Quilting and Whatnot.

Her ligg det gratis PDF-filer til triangelpapir i ulike storleikar. Dette kan de laste ned og skrive ut på A4 ark, og bruke til papirsaum. Dette er ein effektiv måte å sy mange blokker på ein gong! To lag stoff, papiret øverst og sy i veg. Deretter kuttar du opp, og vips så har du mange ferdige kvadrat klar!!

Ha ein flott sykveld, det skal regne i fleire dagar no, så berre dukk ned i stoffhaugen!

(bilda i innlegget er lånt frå Flickr)

Ingen kommentarer: