søndag 3. mai 2026

Maimøte!

Vi ønsker velkommen til maimøte  tysdag 5. mai på Stokkenes gjestegard, klokkeslett som vanlig 18.30-21.30.

På dette møtet er temaet broderi på Aida eller Stramai.  Gitte har holdt på med dette ei stund og ho vil vise oss litt om val av sting, tråd og stoff. Vi legg opp til ein felles aktivitet  og du vil få utdelt ein bit Aida som klubben spanderer. Då syr du ein prøvelapp med motiv og sting du vel. Denne prøvelappen kan du seinare bruke som dekor på toalettvesker eller andre vesker/poser.


Gitte sin modell

Det du må ha med deg til aktiviteten:

  • Moulinegarn i fargar du likar, evt anna garn. NB!Aidaen er litt tettvevd.
  • Synål, Kanavanål som er spiss eller butt.

Kveldens opplegg elles er:

  • Info frå styret om kurs til hausten mm.
  • Vis og fortel, fint om du tek med deg duken/løparen du skal pynte med 17. mai!!
  • Lotteri
  • Kaffi/tepause v/matvertar
  • ....og heretter har vi plass til "Salgshjørne" om det er noko av lageret ditt du vil selge!
  • Vel møtt, også nye er velkomne!