Etter ei flott og hektisk helg, så kan vi no setje oss ned og være godt nøgde med årets store arrangement!
Helga vart både våt og kald, skikkeleg surt haustver! Men bilen vår klarte seg bra i regnet og vinden, lappane som vi limte på heldt seg på plass, berre 6-7 lappar hadde ramla ned!
Utstillingslokalet vårt var perfekt, vi kunne ikkje ønska oss noko betre. Vi rettar stor takk til familien Hildenes som inviterte oss til det tomme drivhuset, og vi såg at vi kosa oss i kvarandre sitt selskap.
Her er to glade eigarar av Hildenes gartneri, junior og senior Berteig som fekk kjøpt seg kvar si god og varm Kvikk Lunsj lue på messa vår!
Vi hadde kafe ute under tak der vi serverte natronkaker med brunost på og gode saftige kaker! Reine konditoriet! Og kafegjestane strøymde på. Triveleg!
Det var lyst og god plass til å både henge opp og å legge ut over borda. Medan regnet tromma på taket, så hadde vi det triveleg inne i lag med imponerte kundar som såg på alle flotte varene vi hadde stilt ut for sal.
Vi hadde også laga til utstilling rundt om på veggane, her hang det store tepper, løparar og veggtepper. Kundane la merke til dei ulike arbeida, og var imponerte over kvaliteten på arbeida og dei såg at her har det gått med mange mange timar!!
Dei flotte gevinstane våre til lotteriet fall i smak, så loddsalet gjekk unna! Komande veke skal vi ha loddsal på Mega på Nordfjordeid, med trekning laurdag 21.9.
Til slutt vil styret få takke medlemmane for godt dugnadsarbeid, her vart det både baka kaker, gått vakter og rigga opp og ned. Det er tydeleg at dette har vi no god erfaring med!
Premien til oss sjølve no etter dette arrangementet, er det komande kurset om 2 veker! Då skal vi lære å sy hjerteblokker i Buggy Barn teknikk. Vi gler oss no til å sitje i ro ei heil helg og berre sy og sy!!