søndag 31. oktober 2010
November-blokk
Då har vi berre ei blokk att før alt er komplett, skal tru om det er nokon som har fått sydd ei eller fleire blokker?
Underteikna hadde som mål at vi skulle få sjå ein del ferdige blokker så bilde av dei kunne leggjast ut på Kalenderbloggen vår. Som inspirasjon for dei som kanskje vil starte på denne evigvarande kalendaren neste år??
Allereie no ber eg dei som held på eller er ferdige med mange, om å ta dei med på julemøtet så vi kan ha ei flott samling i lokalet vårt. Kjem til å legge ut desemberblokka når vi er inne i November ein gong,... kanskje nokon vil pynte med den til jul???
lørdag 30. oktober 2010
Snart klubbmøte igjen!
- Du har med deg noko sjølv.
- Du har med nål, moulinegarn, ramme, tynn tusj, stoff og vatt og er klar til å brodere/applikere på kalenderblokka for November. Mønster finn du på Kalenderbloggen som du kan printe ut sjølv, eller du får det på møtet.
- Du kan delta i Hjerte-temaet, del 3. Her kan du delta med symaskin (ta med!!), men det er også mogleg å sy dette med hand,...med attersting. Info om dette kjem under her. Ta med deg td. litt røde og lyse stoffrester, Rasterquick med ruter på 1 cm, kulepenn og linjal.
HJERTER, del 3
Denne hausten har Torunn fokusert på å vise oss ulike teknikkar som vi kan bruke i quiltearbeida våre, td krympeplast og effekter det gir. Undertemaet har heilt tida vore forma Hjerte, og på komande møte er det også hjerte det skal handle om i lag med teknikken Papirsaum. No var det mange av medlemmane våre som gjekk på kurs med George Siciliano og sydde på små papirbitar, men det er nok nokre andre som gjerne vil lære dette òg. Godt då at vi har mange gode hjelparar på møtet!!
Torunn er på ferie når vi har neste møte, så Mariann blir Hjertevikaren. Den vesle blokka vi skal sy er ca 10 x 10 cm med eit lite hjerte i midten, og før vi byrjar på syinga, må vi tegne opp motivet på Rasterquick. Butikkane våre er informert, så dei som ikkje har Rasterquick sjølve, kan få kjøpt dette på møtet.
Då gjenstår det berre å ynskje alle velkomne til ei koselig systund på Stokkenes,.....medan det er mørkt ute og det regnar på ruta. Åååååå som vi skal nyte det!!!!
fredag 22. oktober 2010
Utstilling på biblioteket!
mandag 18. oktober 2010
Siste nytt!
Arrangementet vert på Voss! Vi gratulerer dei!!
(bildet er frå ei jubileumsutstilling dei har hatt, henta frå Google)
Så i staden for å arrangere sjølve, så kan vi ta turen til Voss denne hausten! Noko heimeside til arrangørklubben har eg ikkje funne enno, men tek i mot tips om det er nokon som veit meir.
lørdag 16. oktober 2010
Frå Vestlandstreffet 2010
Onsdagskurs!
Håpar no at alle har fått med seg at klubben arrangerer det vi kallar "Onsdagskurs". Dette er synonymt med at det er eit lite kurs på kveldstid, midt i veka! Du rekk nok ikkje å få ting ferdig, men du kjem godt i gang, får lært mykje så det er likevel eit kvalitetskurs.
Kurset vert 10. november kl 18-22 og er v/Elin T Grov.
Temaet er "Buggy Barn", der vi lærer stjerneblokka.
Elin har hatt dette som tema i Gloppen lappe- og quilteklubb, så kikk innom her og her og sjå kva dei har fått til.
Har du ikkje meldt deg på enno, må du skunde deg no! .....og det beste: Det er plass til alle!
fredag 15. oktober 2010
Styremøte
Dersom medlemmane har saker vi bør ta opp, må dei meldast til leiar snarast!
lørdag 9. oktober 2010
Er du "Utstillar"??
søndag 3. oktober 2010
Oktobermøtet nærmar seg!
Dette seier Torunn om møtet no 5.10:
"Dersom medlemene har sydd saman krympestoffet med det stoffet dei vil ha som synleg overflate, så kan eg vise tre ulike hjerter vi kan lage av dei. På oppskriftsboka er hjertet omramma av to stk ”reverse” – omvendt applikasjon. Det kan eg og vise. Så kan vi vrangsy hjerter, også har vi den hjertelappen til AnnaKa eg har sydd framgangsmåten til. Så har eg og tenkt å vise litt om Angelina, stryke/smelte litt . "
Så dei som har jobba heime med krympestoff må huske å ta med:
”Samanquilta” krympestoff og overflatestoff
Stoff som passar til (Baksida av vrangsydd hjerte, omramming til omvendt applikasjon )
Dei som har sydd noko fint tidlegare med krympestoff og Angelina må gjerne ta det med på møtet!!!!!!
Her kjem òg eit lite tips til dei som ikkje har fått førebu seg til temaet om krympestoff :
Ta med deg det du treng til å sy stichery/applikasjon av oktoberkalendaren, då kjem du i gang med blokka før du hadde tenkt! Husk også tynn vatt, tynn tusj og syramme, og så er det berre å kose seg! Torunn kjem med mønsteret om du ikkje har lasta det ned sjølv!
........OG SÅ KOPPEN DIN TIL KAFFIEN!!!