Bildet er frå lokalavisa Fjordabladet.
No er det berre få timar att til årets store Låvemesse ! Etter suksessen i fjor, så prøver vi i år også med salsmesse laurdag og søndag. Nytt i år er at det også vert arrangert Open gard i same gardstun søndagen, så her kjem det nok til å bli folksamt!!
I kveld har ein stor dugnadsgjeng halde på med rigging av messa, og det bugnar av hundrevis av salsvarer! Heilt utruleg kva flittige medlemmar har laga, og det er høg kvalitet på det som vert lagt ut for salg. I tillegg til det våre medlemmer stiller ut, så vert tunet også fyllt av andre stand med handverksprodukt og ulike slag matvarer. Ein skikkeleg gammaldags marknad nesten!!!
Vi gler oss, og det gjer sikkert kundane våre også!