Viser innlegg med etiketten stitchery. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten stitchery. Vis alle innlegg

tirsdag 5. desember 2017

5. desember!

Dagens hjerte er det mange av!! Det er berre å telje i dette vakre og nostalgiske stitcheryet!!



(bilde frå Pinterest)

Om du vil bruke mønsteret må du kopiere det inn i Word og forstørre det til den storleiken du vil ha. 

Eit lite broderi kan du bruke til julekort, men om du lagar det større, kan du ramme det inn og ha ei flott heimelaga gåve til å gje bort.

Tradisjonelt vert slike stitchery kalla Redwork i USA, og vert sydd med rød trå på lys botn. 

Lykke til med syarbeidet ditt, du har att 19 dagar til jul no!

mandag 15. desember 2014

15. desembersydag!

Stitchery  eller enkle sting på filtfigurar er nydeleg på julepynten.



 Her er fine hjerter frå bloggen til Helen Phillipps, ei dame som bur på nordvestkysten i England. Ho har applikert, brodert med ulike sting og sydd på stjerneknappar.




Det er ikkje mønster til desse hjerta, men dette er så enkelt laga at du kan sy etter bildet!


lørdag 13. desember 2014

13. desembersydag!

Det er Luciadagen, ein dag som vert mykje markert både hos oss og i mange europeiske land, men spesielt i Sverige.

Om du vil lese meir om Luciafeiringa og historia bak, så finn du ei fin historie HER og  meir info HER. På den norske Primstaven, er LYS tegnet for denne dagen, 13. desember var solsnu i tidlegare tider og lyset er symbolet for kampen mellom lys og mørke.

I denne samanhengen søkte eg etter quilt med dette temaet, men det har sålangt ikkje vore noko passande treff her. Sidan historia om Lucia fortel om ei ung jente med godt hjertelag, så let eg hjertet bli symbolet for denne dagen.

Hjertet er å finne på sida Sewhappy, her finn du også mønster og framgangsmåte. HER finn du sjølve oppskrifta og HER er mønster til stitcheryet.

Kos deg med dagens handarbeid!

Eit lite tips til slutt; ein av medlemmane i klubben, Hilde, har også ein adventskalendar gåande på bloggen sin. Besøk bloggen Strikkemor(o) og nyt mykje fint handarbeid!

torsdag 23. oktober 2014

Julestitchery!

Over halve oktober er brukt, og mange er nok i gang med å førebu julegåver. Her er eit lite stitchery som du fint kan klare å lage til både ein og fleire presangar, enten til deg sjølv eller til å glede slekt og venner!


Mønsteret er gratis og og du finn den på den australske bloggen Threadbare Creations.
HER er link til gratismønsteret.

tirsdag 14. mai 2013

M for Mai!

M for Mai, Mor og Meg! Nydelege monogrambokstavar med mønster som kan lastast ned finn du på bloggen til Jenny og Elefantz.
 
Som de ser så skal det ikkje mange stinga til for å lage dette, det er komposisjonen og bruken som er avgjerande for kor fint dette kan bli!
Denne sida er nemnt i eit innlegg tidlegare i år, då var vi først i alfabetet, om de går inn på sida og ser etter siste innlegget, så er ho no komen til bokstaven O.


mandag 4. februar 2013

Monogrammåndagar!

Om du likar stitchery og gjerne vil ha bokstaven din som monogram, så bør du følge med på denne bloggen, Jenny of Elefantz.

Og du må besøke bloggen kvar måndag,....i 26 veker framover! For kvar måndag vert det lagt ut ein ny bokstav. Dette er det engelske alfabetet, så æ,ø og å er nok ikkje med her.

HER er link til pdf-fil til bokstaven A.
Desse bokstavane kan også syast som eit bilde med alle bokstavane i alfabetet, men då må du komponere dei 3 norske æ, ø og å sjølv i tillegg.

mandag 2. april 2012

Påskestitchery


Snøen lavar ned på Vestlandet no, så det er kjanskje mange som treng noko koselig påskearbeid å pusle med inne. Bloggred. har nyleg vore på trimtur i snøveret, og det finst ikkje så mykje som eit spor etter påskeharar ute i skogen!!

Men her er råd for dette:
På sida til Red-Brolly dukka denne flotte påskeharen opp. HER er link til innlegget frå 21.mars, der er linkar til nedlasting av 2 PDF-filer med mønster og sybeskrivelse. Dette er ei nålepute og alt er gratis.
Det var på bloggen til Auntiesquaintquilt denne nåleputa først dukka opp, der stod linkar og bildet over her er frå bloggen hennar.

Vil ta med til slutt at det finst mange gratismønster på sida til Red-Brolly, HER er link til ei oversikt.

onsdag 16. november 2011

Heim til jul?

På den australske bloggen Hatched and Patched dukka dette flotte bildet opp. "Heim til Jul" står det over motivet. Ein fin kombinasjon av applikasjon, lappeteknikk og stichery laga på ein dekorativ måte.
Fristande å prøve seg på noko slikt?? De rekk dette før jul om de byrjar no! For her kjem det beste: MØNSTERET ER GRATIS OG DET LIGG SOM EI PDF-fil SOM DE LASTAR NED HER!!!
Mønsteret er desverre kun på engelsk, men måla står som inch, der er klippemalar og godt bilde å sjå etter, så dette klarer nok dei fleste av dykk!
Lykke til!

onsdag 19. oktober 2011

Sy stitchery??

Dette bildet kjem frå bloggen til Syfrøjd.

Treng du eit lite syarbeid?
På bloggen Syfrøjd dukka dette flotte stitcheryet opp, og ved nærare ettersyn, så viser det seg at dette er eit gratismønster frå Bird Brain Designs.
HER er link til å laste ned mønsteret.
Som de ser kan det brukast til mangt, her er det ma. brukt som dekor på eit handkle og som eit motiv i ei brikke.