søndag 3. september 2023

Velkommen til møte!

Velkommen til quiltemøte no tysdag 5.9 kl 18.30. 

Om nokon ynskjer å sy i lag denne dagen, så opnar vi dørene kl 12!! Det vert kjekt å møtast att etter ein lang sommarferie, og vi håper at mange medlemmar har hatt tid til å sy litt.




Vi skal planlegge litt akttivitet framover hausten, og no treng vi hjelp av dykk. Planen er at vi skal ha fokus på linjalane våre igjen, men denne gongen dei vanskelige linjalane,.......dei som berre vert liggjande!

Oppgåva til neste møte er å plukke fram akkurat den linjalen du har eit dårleg forhold til, men har du fått sydd noko med hjelp av den, så er det fint om du tek med deg det du har laga.



Kveldens program vert slik:

  • Velkommen ved Torunn
  • Vis og fortel om din vanskelige linjal
  • Påmelding til kurset v/Merete Ellingsen
  • Kaffipause
  • Lotteri
  • Vis og fortel
  • Sybutikken Primula Design har med seg fristande varer

Då ynskjer vi velkommen til alle, og vi tek gjerne imot . nye medlemmer 

onsdag 30. august 2023

Collagekurs med Merete Ellingsen

Klubben vår arrangerer kurs i collageteknikk med Merete Ellingsen 7.-8.oktober

Kurset vert i lokala til Stokkenes Gjestegard på Nordfjordeid.

Vi har no nokre ledige plassar, og vi opnar opp for at eksterne kan melde seg på. 


Teknikken er enkel, klippe ut stoff i ulike mønster og fargar og komponere effekter og nye fargar. Merete kan stille med pakkeløysing eller du kan bruke eigne stoff. Kurset passar for alle, nybegynner og erfaren.

Om du vil være med oss på ei trivelig kurshelg, så melder du deg på SNARAST  ( og innan søndag 2.9) til kursansvarleg Janne på tlf. 90725996


(dette bildet er frå internett, ikkje frå Merete si side)

tirsdag 4. juli 2023

Bilder frå junimøtet!

 Junimøtet vårt er avslutninga på årets første halvår, og vi markerer det alltid med god mat! Ei sommarleg avslutning vart det med både blomster og sommarmat!

Men sjølvsagt så dreia møtet seg om quiltar vi enten held på med eller viser fram som ferdige. Nyt synet, og så gler vi oss til å møtast att etter ferien.











Primula Design viste ein løpar med sirklar, alle frå det same fleirfarga stoffet! 
Applikert på i ulike størrelsar, så utruleg effektfullt!



Oldemorsteppe  frå eit kurs med Mona for nokre år sidan, her er det brukt gamle julestoff.


Resteteppe, frå eit kurs vi hadde i klubben for kanskje 15 år sidan!! 
Quilta av Sølvi quiltestudio.


Sekk frå kurs med Andre Wallenborg i vår.



Eit flott stoff til å lage små brikker av!




Teppe etter ide frå internett! 




Prosjektpose!


Heimelaga vaskepose! Ikkje kaste gamle gardiner, flott til å bruke til slike poser, gjenbruk!!
Takk til Synnøve som gav oss alle desse gjenbrukstipsa som vert vist her!




...og ikkje kaste gamle flagg, monter dei heller på stoff og lage ei 17-maiveske!


Kikk på ringane som er brukt på hankane, alt der er også gjenbruk.
Ringane er klipt ut av ei gardin og hankane er belter.











Menyen denne gongen var berre heilt utruleg flott, med reker og loff og nydelige kaker til slutt!

Takk til alle som kom og gjorde kvelden til ein sommarfest!

Ha ein fin sommar med mykje "sommarsaum" som vi får sjå resultat av når vi startar opp att i september.

GOD  SOMMAR!