mandag 4. desember 2023

4. desember

 I dag inspirerer vi til stitcery!


Det er kaldt over heile landet og det er gode vilkår for snømenn!! Mønster lagar du sjølv, for forma er enkel. 


Studer bildet så ser du at her nyttar du ulike sting:
  • Attersting
  • Lange dekorsting
  • Knutar
  • Plattsaum
  • Alternative sting er stilkesting.
Broder med moulinegarn, del opp og sy med to trådar, det gjev finaste sting!!

Når du er ferdig med broderiet kan du vaske det i sterk te eller kaffi, så får du denne "gamle" effekten.

Du kan bruke det som eit bilde, lime det inn i eit kort eller som her sy ei lita pute. Reknar med at denne på bildet er laga som ei duftpute, fyll den med lavendel eller julekrydder, dette får du kjøpt på apoteket.

Ha ei koselig systund!!


Ingen kommentarer: