mandag 4. desember 2023

Velkommen til julemøte!

 

Det er dagen før dagen.... no gleder vi oss til julemøtet som er i morgon 5.12 kl 18.30-21.30.


Vi møtest til vanleg tid, 18.30, på Stokkenes Gjestegard. Her har julekomiteen hatt ansvar for både mat og pynting, så no gleder vi oss til ein triveleg kveld i lag.

Kvelden vil bli slik som vi har hatt som tradisjon:

  • Velkommen og info ved leiar
  • Nydelig mat på dekka langbord
  • Nissen Siv kjem med noko i posen...
  • Vis og fortel
  • Stoff mm frå Primula Design
  • Lotteri


Viktig info!!
På møtet er det endeleg og bindande  påmelding til kurset med Wallenborg 26.-28.januar. 

Vi har fått spørsmål frå Lappeklubben i Gloppen om vi har ledige plassar, så difor er det viktig at dei som no ikkje har meldt seg på, gjer det på møtet! Då veit vi kor mange andre som kan få plass! 

Det gjekk rundt ei liste for påmeldig på forige møte, der må alle bekrefte at dei fremdeles vil delta. Til dei som ikkje kan møte i morgon, ta kontakt med Janne på tlf 90725996.



Anna litt viktig info , denne gongen frå Nordpolen: Nissen vil at du tek med deg saks (stoff/papir,??det sa han ikkje så ta begge), ein linjal og blyant/merkepenn.




Til å tenke på til i morgon: "Kva ynskjer du av tema/aktivitet på møta våren 2024?"
Torun tek imot tips på møtet!

Då sjåast vi!

Ingen kommentarer: