søndag 17. januar 2010

Maraton i mål!

Så er vi i mål med forsøket vårt "Maratonlaurdag". Og vi som møtte fram var veldig fornøgde! 9 stk var innom og kosa seg med kvar sine prosjekt, litt niste, og det dukka opp god kaffimat som vanlig. Nokre sydde på UFO-ar, andre var midt i ein prosess og samla alle rundt arbeidet sitt for å få gode råd. Med andre ord ein herleg laurdag der alle kunne styre på i sitt eige tempo i lag med andre likesinna. Vi kjem til å gjenta dette seinare ein gong, og då håpar vi at fleire vil delta. Bilda viser litt av det som gjekk føre seg under labben....
Sjå også i bloggen til Haldis for fleire bilder!




søndag 10. januar 2010

Maratonlaurdag

Hallo klubbmedlemmer!

Vil berre minne dykk på at komande laurdag 16. januar arrangerer klubben MARATONLAURDAG!

Det er første gong vi prøver noko slikt, så kva det blir ut av dagen,..... det veit vi etterpå!

Vi snakka litt om det på siste klubbmøtet, så denne infoen er spesielt til dei som ikkje kunne komme på det møtet.
Dagen blir omtrent slik:
  • Klubben har leigt det faste møtelokalet på Stokkenes gjestegard.
  • Dørene er opne mellom 08.00 og 20.00, du kjem og går som du vil.
  • Det er inga påmelding og heller ikkje noko å betale for dagen.
  • Primula Design og Lappestua vil ha sal av stoff og utstyr slik som på møta.
  • Det er ikkje noko opplegg for dagen, det er du sjølv som bestemmer kva du vil gjere. Meininga er å ha ei sosial "sysamkome" der du kan få gjort ferdig arbeid i triveleg lag, men også kan få råd av andre som er der.
  • Alle ordnar seg med mat sjølve, enten at ein tek med seg niste, handlar noko på Eid eller lagar seg noko i kjøkkenkroken. Vil du ha med noko å spandere er det heilt ok!
  • Det er strykejern og strykebord på huset, men ta med eige skjæreutstyr og elles det du treng.



Bilda er frå Bargellokurs, Rocky Mountain, Tusenfryd og Symaskintrekk (v/Patricia Iden, arr av Lappestua).
Så no håper vi at DU kjem innom og jobbar litt, for vert dette vellukka, så gjer vi kanskje meir av dette!

fredag 8. januar 2010

Årsmøte i NQF

19.-21 mars er det årsmøte i Norsk Quilteforbund. Denne gongen er det lagt til Stokke i Vestfold, sikkert nært for nokre, men kronglete vei dit for oss.
For dei som likevel vil ta turen, så finn du info her:
ÅRSMØTE

Kursoversikt og påmelding finn du HER

torsdag 7. januar 2010

Ekstremsport med symaskin

Det nærmar seg årets første kurs i klubben vår, og i dette ekstremkalde veret kan eg annonsere òg at no er det høve til å lære seg ekstremsport på symaskin.
22.- 24. januar arrangerer vi kurs med danske Pelse Asboe. Denne boka har Pelse nylig gitt ut!

Ho har vore på Nordfjordeid tidlegare som kursholdar på Vestlandstreff et 2006, og det var utruleg å sjå kva denne dama fekk til. Ho sydde i det meste,....stoff og metall, og det vart mange nydelige og spesielle kreasjonar.
LEDIGE PLASSAR!!

På siste klubbmøtet, 5.1.10, vart det klart at det er 6 ledige plassar på kurset. Difor vart det bestemt at kurset skulle opnast opp for andre som ikkje er medlemmer i klubben også.

Det blir "førstemann til mølla" prinsippet, og dei som vil vere med må ta kontakt med kursansvarleg Aslaug Berget Alsaker på mob 97533623.


Nedover sida her har eg lagt ut mange bilder som eg tok under Vestlandstreffet i 2006. Dei fleste bilda er "Inspirasjonslappar" som Pelse har laga, men som de òg vil sjå så er der bilder av kursdeltakarane sine ting under arbeid.
Her er litt for ein kvar smak, og eg trur at dei som går dette kurset ikkje vil angre på det!!







Ho syr i METALL! Her er det aluminiumsboksar som blir brukt, ho har også nytta kaviar- og majonestuber. Dei er visst fine og blanke på innsida,......kanskje du skulle sjekke det??? Trur at "Gullet" på bildet under her er ei slik tube.











Heimesida til Pelse finn du her
Her kan du finne bilder frå andre kurs med Pelse: