fredag 1. juli 2011

"Blåkurs" med Magnhild Tautra

Blåturkomiteen hadde noko BLÅTT på lur, vi visste det var eit kurs, men ikkje kva! Magnhild Tautra hadde teke på seg å vise oss noko med handsaum, og ho hadde laga til 2 spennande prosjekt.


Stofforigami kan vi kalle dette, ei form for japansk bretteteknikk. Vi hadde fått beskjed om å ta med oss vrangsydde lappar etter eit visst mål, og her er det vi fekk til. Ser innvikla ut, men ikkje vanskeleg når vi forstod det heile!Frå denne boka er teknikken henta. Store blomster, eller kjempe Yo-Yo!





Enkelt å lage og effektfullt med mange i lag.






Flotte lokaler i skulen i Tresfjord! Her møtte vi 7 quiltedamer frå Vestnes! Vi hadde også "Vis og fotell" for kvarandre, det kjem i eit anna innlegg.




Magnhild hgadde laga dette teppet og eit anna med 4 x 5 blokker, dekorativt! (Bildet kjem seinare)


Den blå reisa del 2

Årets blåtur gjekk til Vikebukt i Vestnes kommune, der Haldis hadde invitert oss til garden der ho har vakse opp. Turen varte frå fredag til søndag, og då hadde ho ordna med overnattingsplassar i 3 hus som alle hadde tilknytning til garden og låg nær kvarandre. Utruleg flott opplegg! Haldis og Elna hadde planlagt godt for denne blåturen, dei rekna ikkje med sommarlege dagar, så eit langt partytelt var sett opp på gardstunet.


Fredag kveld var det grillmat til kvelds, i dette flott pynta teltet med fine quiltar og lys.


I dette teltet åt vi også frukostane i lag både laurdag og søndag.







Utsikt frå loftglaset i det raude eldhuset. Her går sola ned bak Moldefjella.




På loftet på Eldhuset var det ei lita leilighet med kjøkken, stove og 2 soverom. Her i stova kosa vi oss der vi sat tett i tett. 12 stk var vi, og alle fekk plass!


På Vikesetra har familien til Haldis denne hytta.


Sjå kor flott utsikt! Her kan ein virkelig dra pusten og nyte alt rundt seg! Rett over fjorden her ligg Molde.

Haldis og Ingun. I bakgrunnen her ligg Vestnes med Tomrefjorden lengst bak.


Søndag ettermiddag etter ein lang fjelltur på setra, var det restefest-lunsj!


Foreldra til Haldis var i lag med oss søndag ettermiddag, dei spanderte marsipankake på oss til kaffien, den var nydeleg!




Utsikt frå garden mot Vestnes.

Gardstunet der teltet stod. Her er vi i full sving med å ta ned teltet, og det tok ikkje lang tid å rydde opp når vi var så mange flittige maurar!



Før avreisa var underteikna ned i strandkanten og kika, eit fint område med vidt utsyn mot Moldefjorden og Vestnes.

Takk for at vi fekk komme til denne nydelege plassen Haldis! Og takk til både Haldis og Elna for ein godt organisert blåtur!