Kjekt å sjå kva medlemmane våre har styrt med no i sommar!!
søndag 6. september 2026
søndag 30. august 2026
Velkommen til haustens første møte!
Tysdag 1.september ynskjer vi velkommen til oppstart av haustsesongen i klubben vår. Vi møtes som vanleg på Stokkenes Gjestegard og vi har vanleg møtetid som er 18.30-21.30.
Plan for kvelden er:
- Informasjon om haustplanen
- Planlegging og påmelding til turen der vi besøkjer "Trapp ned" i Førde laurdag 19.9
- Informasjon om og påmelding til veskekurset med Liv Holvik 31.10-1.11, her blir endelig påmeldingsfrist på oktobermøtet. Bilder av modellar finn de på medlemssida.
- Vi skal pakke ferdig toalettvesker med innhold til Krisesenteret for kvinner i Ålesund
- Vis og fortel,....om både det du har sydd i sommar både av lappeteknikk og av fine små sting på stramai
- Lotteri
- Ein pause midt i med kaffi og noko til, ansvarlege er Ingebjørg, Grete og Aud S.
- Om det er nokon som har litt lyst til å komme på besøk til oss for å sjå kva vi gjer på, så er det berre å møte opp eller ta kontakt med nokon av medlemmane.
torsdag 4. juni 2026
Bilder frå sommaravslutning 2.6!
God variasjon under "Vis og fortel", her var det alt frå store tepper til ei tydelig interesse for korssting som var tema på forige møte.
No tek vi oss ein lang sysommar fram til neste møte 2. september og håpar at det vert gode sydagar framover.
Som de ser så har vi stor variasjon i kva vil styrer med i klubben vår, medlemmane våre har ulike interesser, og saman kan vi dele utruleg mykje erfaring frå bruk av stoff og tråd på ulike måtar. Om du er ein som har litt lyst til å komme på dei kreative møta våre til hausten, så ta kontakt med oss eller berre kom på møta. Vi legg alltid ut informasjon på bloggen vår i forkant av møta.
Nyt bilda og ha ein fin sommar!













































