Viser innlegg med etiketten jul. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten jul. Vis alle innlegg

torsdag 29. desember 2022

Tidleg innsats......

 Tidleg innsats.....ja kvifor ikkje om du har litt tid no i romjula!

Om under eitt år så er førjulsstria i gang igjen! Kom over denne flotte MugRug då eg var inne på Pinterest, og kom då på at denne må då være perfekt også som julekort?

Sy den med kvit bakside og skriv julehelsing på!

Bildet under er frå bloggen til Quiltbee, gratis mønster til denne ligg på heimesida til MODA!


Bilde frå sida til Moda.

Men la deg ikkje stoppe, bruk kreativiteten din til andre motiv på ein liknande MugRug og sy deg opp eit lager av heimelaga julekort!

Lykke til!

onsdag 24. desember 2014

24. desembersydag!

Det er julafta! Og vi er ved vegs ende i årets adventskalendar som kanskje har inspirert nokon til å lage noko fint til jul? Til å henge opp i juletreet eller til å gje bort, til glede for seg sjølv eller til å glede ein annan?

Det er ikkje sikkert nokon har tid til å sy noko i dag, men tipset er her iallefall.

Dagens vesle quilt er symbolet for jula, eit nydeleg lite oppheng som er applikert. Bildet og mønsteret er frå den amerikanske bloggen "Carla at home"

Mønsteret forstørrar du opp til det passar deg. Enklaste måte er å kopiere bildet, lime inn i Word og "dra i hjørna" til det er passeleg!


Designet er frå dette bladet: [Project from Crafts ‘n Things magazine, December 2007; design by Mary Ayres]

Til slutt legg eg inn link til kjent lesestoff i ei julehøgtid, og ynskjer alle som har følgt med på bloggkalendaren ei God Jul!

tirsdag 23. desember 2014

23. desembersydag!

Det er dagen før dagen, og alle hjerter gleder seg!! Og seinare i kveld kjem nok juletreet på plass!
Her er ein liten julepynt med "to i ett".
 Pynten er eit juletre der det er sydd med dekortrå i gull tett i tett, deretter klipt ut og applikert på hjertet.

Sjå denne vesle stjerna, den er kanskje laga av gullfolie!

HER finn du mønster og framgangsmåte!

Om du vil prøve deg på nokre hjerter utan mønster, men enkle å kopiere likevel, så må du sjå tilbake på innlegget frå 15. desember.





mandag 22. desember 2014

22. desembersydag!

Berre to dagar att til julafta, og det byrjar å minke på tida,....iallefall for oss som har att nokre meter med lukkekantar å sy til for hand!

Då vert det enkle løysingar, sjå berre her kor enkelt du kan gjere det med berre litt stoff, lim og litt pynt!
I Usa er det nok meir vanleg med  denne "gjetarstaven" til julepynt enn her heime, men vi finn den ofte i snopavdelinga på butikkar! Seinast laurdag såg eg slike på Nille, sukkerstenger!
(dette  bildet er frå sida du finn link til under her)

På sida "Eyeballs by day, craft by night" finn du framgangsmåten, men dette er så enkelt at du finn ut av det likevel. Det er pynta med eit hampesnøre og ei lita bjelle, meir skal det ikkje til for å gjere det så fint!!

Skulle du ikkje få tak i ei slik sukkerstang, så har du kanskje gamle bestefar sin stokk?? ....og er den i bruk, så kan det kanskje være kjekt med ein julepynta spaserstokk??

søndag 21. desember 2014

21. desembersydag!

4. søndag i advent og få dagar att av førjulsstria. Ein slik dag som i dag vert ofte brukt til å få på plass juletreet,......for ein plass må det komme frå!

Nokre gøymer det på loftet år etter år ( sjølvsagt plasttre då!!), nokre har eigen skog medan andre kjøper  sitt på lokale "juletretorg". Og kva slag tre skal ein velje? Eit tre er ikkje berre eit tre, her er det ulike tradisjonar og minner som skal vere med på valet.

Å legge ut berre eitt tre her, vert difor litt feil, så her kjem nokre ulike sortar som er å finne på nettet.
Ein enkel modell der du syr på stjerner før du vrangsyr det og fyller med litt vatt. Det ser ut som om nokre av stjernene er sydde tvers igjennom etterpå for å holde treet flatt.
Fint brodert tre som er applikert på ei bakside.
"Trekant-tre", enkle i forma, dei to fremdte er i teknikken "Flygande gjess". Desse kan du bruke enten til å pynte treet med, eller å bruke det som lapp på ei julegåve der mottakaren kan bruke det til juletrepynt etterpå!!

Det same kan du kanskje gjere med trea under her også, dei kjem frå den nederlandske bloggen Scraponique.
Ganske enkelt, men dekorativt er treet under !
Eller lag på lag i filt? Lekkert pynta med glasperler!

Her er eit ekstra fargerikt lite filttre! Dette vil nok barn like veldig godt!
Dongerystoff kan også brukast, og til akkurat dette treet ligg det ute mønster til på bloggen One crafty mumma.
Det finst eit hav av idear på Pinterest, lure søkeord er Christmas, quilted, ornaments!

lørdag 20. desember 2014

20. desembersydag!

No er det på tide at nissen gjer seg klar til julejobben!
På bloggen til Vanessa Biali finn du denne vesle nissen, ho har også laga link til framgangsmåten, HER finn du den.

Her må du sjå på bilda og finne ut av det så godt du kan, for ut frå det eg kan skjøne, så er ho frå Brasil.   Då er språket portugisisk,.....og det er det vel ikkje mange av oss som kan! Der er ikkje link til Google translate på sida, men bilda er mange og gode!

Sjå berre på den fine detaljen på lua under her!



Slik ser mønsterdelane ut:

MØNSTER: Når du går inn på sida, så ligg det ein link rett over bildet av desse mønsterdelane. Det gjekk ikkje å kopiere linken, men klikk på der det står Moldes, clique aqui.
.....like fint med ein lyseblå nisse kanskje?

fredag 19. desember 2014

19. desembersydag!

Vi har fått litt julesnø denne veka, men no regnar det bort, iallefall hos oss som bur langs fjorden! Likevel har vi håp om nytt påfyll av snø til jul, så i påvente av det, kan vi lage litt enkle snømenn inne?
( Akkurat no kl 06.55 lovar TV2 kvit jul til det meste av landet!!)
HER på sida til Tied with a ribbon, finn du både mønster og framgangsmåte til dette snømannhovudet!
På sida finn du også tips til å lage dine egne julemerkelappar, HER kjem du rett til den sida.

torsdag 18. desember 2014

18. desembersydag!



Yoyo kan du bruke til fin julepynt, storleiken bestemmer du. Her er nokre tips om korleis du kan setje desse saman til ulike figurar!

Det er ikkje mønster til desse, ideane er henta frå Pinterest. Om du har "yoyo-maker" brukar du den, men det går fint utan også.

HER finn du ein steg-for-steg framgangsmåte til å lage yo-yo.



Dette nederste bildet er frå denne sida.

Det er mykje fint å sjå på Pinterest der Yo-yo er brukt til andre ting, HER  og HER finn du fine tips!

onsdag 17. desember 2014

17. desembersydag!

Det enkle er det beste seier reklamen, og kanskje stemmer det også i quilteverda? Iallefall så er desse små søte Log-cabin julepyntane både enkle i formen og så enkle at dei fleste får dette til.

Og etter all syinga di no i desember (har du sydd????), så ligg det kanskje nokre smårestar og sleng på sybordet. Du har vel lært at du ikkje skal kaste den minste bit? Opp gjennom åra med quilting, så har vi fått lært av mange kursholdarar at småbitar også er gull verdt, brukt td. til crazy-sying, til truseposar,...kom gjerne med meir tips om korleis de har brukt desse bitane som altfor ofte hamnar i bosskorga!

Desse småquiltane er frå sida Missouriquiltco, her finn du fleire bilder av denne modellen. Det er ikkje mønster til desse, men det trengst vel ikkje?? Legg merke til at quiltinga er gjort med ulike dekorsaumar!

tirsdag 16. desember 2014

16. desembersydag!

Det er vel på tide å gjere klar ein engel til jul?
HER på sida til Selimut-ku frå Indonesia finn du framgangsmåten til desse!

mandag 15. desember 2014

15. desembersydag!

Stitchery  eller enkle sting på filtfigurar er nydeleg på julepynten.



 Her er fine hjerter frå bloggen til Helen Phillipps, ei dame som bur på nordvestkysten i England. Ho har applikert, brodert med ulike sting og sydd på stjerneknappar.




Det er ikkje mønster til desse hjerta, men dette er så enkelt laga at du kan sy etter bildet!


søndag 14. desember 2014

14. desembersydag!

3. søndag i advent i dag, og det er på tide å tenkje på juletre!
Framgangsmåte til eit slikt tre finn du HER og HER. Sirkelen du startar med er på 8 inch, og den blir bretta saman til ein halvsirkel. Det er kanskje endå finare om du syr saman to stoff, eitt på kvar side av halvsirkelen, då får du eit resultat som du ser under her.



Denne måten å brette på er også brukt til servietter.
HER ser du korleis du går fram når du skal brette treet. Som du ser så er dette i stort format (ein serviett), men resultatet vert om lag det same!

Det er kanskje endå enklare å brette i papir, her er same teknikken brukt til eit julekort.

lørdag 13. desember 2014

FANTASTISKE julequiltar!!

På bloggen Quilt Inspiration ligg det ute mange bilder frå ei utstilling i Usa. Ut frå det eg kan sjå, så er det ei utstilling som heiter Road to California Quilt Show .
Denne quilten er ein vinnar av 1500$ 
Jingle Bells by Kathy McNeil, 2014 Road to California Quilt Show 

Eit lite utsnitt frå eit anna juleteppe som ligg på bloggen hennar.

Så mange fantastiske bilder av quiltar, er berre heilt imponert over kva ein kan lage av stoff! Besøk bloggen og nyt!

13. desembersydag!

Det er Luciadagen, ein dag som vert mykje markert både hos oss og i mange europeiske land, men spesielt i Sverige.

Om du vil lese meir om Luciafeiringa og historia bak, så finn du ei fin historie HER og  meir info HER. På den norske Primstaven, er LYS tegnet for denne dagen, 13. desember var solsnu i tidlegare tider og lyset er symbolet for kampen mellom lys og mørke.

I denne samanhengen søkte eg etter quilt med dette temaet, men det har sålangt ikkje vore noko passande treff her. Sidan historia om Lucia fortel om ei ung jente med godt hjertelag, så let eg hjertet bli symbolet for denne dagen.

Hjertet er å finne på sida Sewhappy, her finn du også mønster og framgangsmåte. HER finn du sjølve oppskrifta og HER er mønster til stitcheryet.

Kos deg med dagens handarbeid!

Eit lite tips til slutt; ein av medlemmane i klubben, Hilde, har også ein adventskalendar gåande på bloggen sin. Besøk bloggen Strikkemor(o) og nyt mykje fint handarbeid!

fredag 12. desember 2014

12. desembersydag!

Hexagon er noko vi har jobba ein del med i klubben, både med linjalar og symaskin, men også med handsaum. Vi har nyleg hatt kurs med Bente Malm der mange sydde hexagon på "Småsaker til sydamen".

Her er ein liten krans som du kan lage på ei lita kveldsøkt, og er du usikker på korleis du gjer dette på luraste måte, så må du sjå på linkane.

Denne kransen finn du på sida til kanadiske Sewsisters , der ligg det steg-for-steg framgangsmåte. Om du ser på storleiken, så vert denne kransen litt stor som pynt i juletreet. Men då er det berre å bruke mindre malar.

Det passar kanskje godt med malar på rundt 1 inch til ein liten krans, og har du ikkje ferdige malar, så kan du skrive ut frå nettet. Mange plassar kan du finne malar til å skrive ut, søk på orda hexagon, inch og storleiken du er ute etter. HER er eit 1 inch ark du kan skrive ut og lime på tynn papp, gode og gratis malar! Stikkord i søk på internett er "1 inch hexagon", endre på talet om du vil ha større, og om du brukar ordet "printable", så kjem det sider som kan skrivast ut. prøv deg fram, det finst mykje gratis på internett!! HER er ei side du finn mykje på!

Om du ser på framgangsmåten, så ser du at kransen er dobbelsidig, like fin på begge sider. Om du ikkje  vil lage den dobbel, så kan du bruke filt på baksida, og quilte kransen fast med små quiltesting. Sjå bildet.

Her eit anna innlegg frå sida Handcrafted Vintage som viser akkurat same figuren, men med meir tråkling av malane. I det øverste innlegget er malane festa med lim, så her kan du velje kva metode som passar deg.

torsdag 11. desember 2014

11. desembersydag!

Desember er månaden for hjertevarme, og alle slags hjerter er like gode!!
Her er det nokre fine hjerter i teknikken crazy quilt, sjå kor fint det er med blandinga av fargane. Fargetonane matchar kvarandre, eitt hjerte er det varme fargetonar som er sett saman, og det heilt til høgre er laga av meir sarte pastelltonar.

Legg også merke til den vesle pynten på hjerta, små silkeroser i ein farge som passar til fargane i sjølve hjertet.

Det er ikkje mønster til akkurat desse hjerta, men ved søk på Pinterest, så dukka det opp eit mønster du kan bruke.

Bildet kopierer du inn i Word og forstørrar det opp i den storleiken du vil ha.

På den same Pinterestsida som dette mønsteret er frå, er det utruleg mange andre fine mønster du kan bruke, besøk denne sida HER.

onsdag 10. desember 2014

10. desembersydag!

Juletrepynten for den 10. dagen i desember er ein liten og søt sak!
 

Denne kjem frå ei Pinterest-side med crazy quilt. Liknande side finn du HER, HER og  HER. Besøk sidene og bli inspirert, for her er det fleire hundre bilder og mange tips om både sting og bildeutsnitt av ferdige broderte quiltar.

Som de ser så er dette sydd som crazy quilt og med fine broderisting som på innlegget frå 7. desember.  Her er det brukt silke- eller satengstoff, noko som gjev pynten ein ekstra fin glans! Det er ikkje mønster til denne dråpeforma pynten, men dette klarer du vel godt utan også?? For når du berre syr i veg med dei stoffbitane du har, så blir det crazy med ein gong, og så prøver du deg fram med fasongen. Husk å ta omsyn til at du skal fylle den med vatt, så lag den litt "Stormaga"!

Om du teng tips til fine sting, så er  det mange å finne på DENNE Pinterest-sida!