lørdag 18. juli 2015

Primula Design er i Malakoff-modus!

Denne helga er det Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid med mange tusen tilreisande. I eit hjørne utanfor butikken til Primula Design har det i mange år vore ein populær "Klemmekrok". No har Ingun pynta kroken ekstra fint med lappeteppe og store raude hjerter! Forbipasserande ser dette sjarmerande hjørnet og set seg der for å bli fotografert!


Utanfor butikken er det fristande varer, og inne bugnar det av flotte stoff og modellar i fin blanding med interiørartiklar. Ta gjerne turen innom, der er alltid gode kjøp!!



...og festen etter stengetid såg ut til å være fortreffeleg, men kor mange quiltarar som er i dette publikummet, er ikkje godt å vite! Dei kan iallefall komme igjen til "Klemmekroken" i dag også og få eit minnerikt festivalbilde!

fredag 17. juli 2015

Ei eksotisk utstilling!

Ein liten sniktitt frå ei eksotisk utstilling!! Underteikna har no vore på ferie, og sjølvsagt må ein prøve å få med seg litt av quiltemiljøet ute i verda! Og denne gongen var "verda" ei utruleg utstilling i eit hagesenter med store veksthus i Ystad, heilt sør i Sverige.



Her hadde byens quiltegruppe, Hjärtekviltarana, ei flott utstilling mellom blomster og bugnande ferskentre!



Det kjem meir bilder seinare, der var mange gode motiv av både quiltar og blomster i Åbergs hagesenter! Om du er på veg til ferie i Sverige no, så anbefales det å planlegge ein tur innom Träsløvsläge i v.30 der Kviltsystrarna i Varberg har utstilling i Fiskarnas hus på hamnen!