mandag 21. oktober 2013

Nordisk quiltetreff

Nordisk quiltetreff er eit årleg arrangement og finn stad i mai/juni. Neste år er treffet i Sarpsborg, 30. mai- 1. juni.

I går vart det opna for påmelding til arrangementet på nett, og det er i alt 36 kurs i løpet av desse dagane! Invitasjon har vore sendt ut som vedlegg til Norsk Quilteblad tidlegare,  HER kjem du rett til den!

Norsk Quilteforbund skriv også om treffet.

Det vert også arrangert ein konkurranse , HER finn du meir info om den.
Konkurransen har temaet MIN SKATTKISTE, her er klipp frå sida:


Du inviteres til å delta i en juryert konkurranse og utstilling med tema:
Min Skattekiste.
Du kan delta i to kategorier: Tradisjonell og Art Quilt.



tirsdag 15. oktober 2013

Kurs med Ati!

Som dei fleste av medlemmane våre er gjort kjend med, så vart kortkursa med Ati Ham Sas utsette tidlegare i denne månaden. Men dei vart ikkje avlyste, så her kjem dei avtalte datoane:

Det vert to korte formiddagskurs desse to laurdagane:

  • 9. november
  • 16. november
Teknikken de får lære er korleis ein lagar dei vakre blokkene til Ati. Dei byggjer på ei Crazy quilt blokk som vert pynta med broderi, blonder mm.

Det er mange påmelde på kursa, om du vil vere med må du ta kontakt med kursleiar Ingun i løpet av denne veka. Då får du vite om det er ledig plass. Dei som er påmelde, vil få epost med info om tid og stad frå Ingun.

søndag 13. oktober 2013

Vestlandstreff!!

Gratulerer medlemmer og velkomne til quiltarar!

Som de nok skjønar, så har klubben vår fått tildelt Vestlandstreffet 2015!  Dette er eit treff hovudsakleg for quiltarar frå Rogaland i sør til Møre og Romsdal i nord. Ein brukar å ha tilbod om mange kurs, foredrag og festleg samvær. Akkurat no går årets treff føre seg i Molde, og i går vart det klart at det blir på Nordfjordeid om 2 år! Vi har arrangert dette treffet to gongar tidlegare; i 2000 og 2006, så det er vel på tide å invitere til vakre Nordfjord igjen!

Nordfjord er i dag like vakker som bildet viser, så dei som ikkje har vore her før, bør kanskje ta oss med i 2-årsplanen sin!

Vi i NLQ brukar å seie at vi bur i eit Quiltemekka, for i den vakre gata vår har vi 2 QUILTEBUTIKKAR!!!  I "tøffelavstand"!!! Og det er to ulike butikkar når det gjeld stoffutval, og begge eigarane er dyktige quiltarar.

Lappestua har eigenimport av flotte stoff frå USA og der er også eit fantastisk utval av knappar!

 Primula Design har også eit flott stoffutval, og i kombinasjon med interiørvarer som også er i butikken, så kjem  både modellar og lekre stoff til sin rett.
 "Snopekroken" her fristar oss kvar gong vi kjem inn!!

For nokre veker sidan skapte vi vår eigen Quiltebil i samband med ei salsmesse. Vi kan desverre ikkje love dykk turar i denne bilen når vi startar arrangementet vårt om to år, men i den vesle "fjordbyen" vår er det korte avstandar til mange kjekke opplevingar.
Med dette ynskjer vi i klubben vår quiltarar frå fjern og nær velkomne til Nordfjordeid om to år, og vi set pris på å få kontakt med både "gamle" og "nye" quiltarar. Har nokon spørsmål, så er det berre å ta kontakt med nokon i styret eller bruk kommentarfeltet i bloggen her.

tirsdag 8. oktober 2013

X-blokk kurs!

Denne hausten er berre til å nyte! Ikkje før har vi avslutta eine helgakurset, så står neste for tur!

 26. og 27. oktober vert det kurs med X-blokk linjalen ved Siv Smørdal.

Vi hadde påmelding på siste klubbmøtet, og vi har no nokre få plassar ledige på kurset. Ta kontakt med kursleiar Ingun på tlf 57861395 eller Siv på tlf 91331479 om du vil være med. Det vil bli høve til påmelding av "ikkje-medlemmar" om  det er ledige plassar når kursstart nærmar seg.

X-blokk linjalen er ein av dei linjalane som ein kan lage utruleg mange ulike blokker med, så dette kurset bør du få med deg. Her ser du ei blokk frå Siv:

Headingen på bloggen er også laga med denne linjalen, så det er stor skilnad på desse blokkene.
Ved søk etter bilder på Google, så dukka det opp blokk etter blokk som ikkje var lik den første. Så utruleg mange muligheter, og dette er berre nokre få!!

Kos deg med bilda og søk gjerne etter fleire! Og har du ikkje meldt deg på kurs, så bør du revurdere det snarast!

Velkomne til eit innholdsrikt kurs!!