søndag 5. februar 2023

Februarmøte!

 Tysdag 7.2 er det igjen klart for ein triveleg møtedag!



Denne dagen er det langdag, og dørene opnar kl 12. Ta med deg niste til denne første delen av dagen, kaffi/te lagar klubben til.

Vanleg klubbmøte starter som vanleg kl 18.30-21.30.

Møteaktivitet:

  • Informasjon frå styret
  • Arbeid med solsikkeblokker
  • Vis og fortel
  • Lotteri
  • Primula Design er der med ein liten "Pop-up butikk" 
  • Kaffipause


Det vert lagt opp til sydugnad av solsikkeblokkene frå kl 12, så vi håper at mange møter tidleg slik at vi får inn blokkene vi skal jobbe med. Eller send dei med nokon!!  Blokkene må være minst 13x13 inch slik at der er rom for å kutte litt når vi skal tilpasse dei.



Velkomne!