søndag 3. oktober 2021

Velkommen til oktobermøtet!

 Velkomne til Medlemsmøte i Nordfjord Lappe og Quilteklubb.

Tysdag 5.oktober kl 18.30 på Stokkenes gard.
Ingen matservering denne gongen heller, så ta med eigen mat og drikke.

Temaet for hausten er gjenbruk og det er komt ønske om lappeteknikken "Log cabin". På neste møte blir det aktiviteten "Gjenbruk med Log Cabin".



Det blir Vis & fortell og lotteri som vanleg.
Vel Møtt!

Sy som Ingun!!

På septembermøtet viste Ingun frå Sybutikken Primula Design ein flott "box/veske/toalettveske" som ho hadde sydd etter mønster frå YouTube. Den finst i 3 størrelser.





Det er mange ulike mønster på slike, men akkurat denne har ingen synlege saumar på innsida og er enkel å sy i følge henne. 

Då gjenstår det for deg å prøve dette, HER finn du videoen!


Ein flott universalpakke!

Om du har  ein "Charmpakke"  på 5x5 inch, så er det utruleg kor mykje du kan få ut av den. 


(denne er brukt som døme, er ikkje samme pakke som er brukt i løparane!)

Medlem Anne Marie hadde ein slik, og tenkte ho kunne bruke litt av den til ein løpar med mønster frå Quiltemagasinet nr 2/19.


Ho starta på den eine av dei som det var mønster til, og fekk ein flott løpar.


Men ho fekk meir til overs,.........akkurat slik som i reklamen i Europris,
så då vart det ein til.


.....og historia fortset, for ho brukte fleire ruter og fekk denne firkanta brikka!

Men historia fortset vidare utan at det kan visast her, for ho trur at det er nok stoff igjen til endå ein løpar.

Det må også nemnast at alt det lyse stoffet sjølvsagt kjem i tillegg til charmpakkem. Så har du ikkje ein slik pakke, så bør du kanskje vurdere å kjøpe deg ein slik!! Sybutikken Primula Design har utvalet til deg!!


torsdag 30. september 2021

Bilder frå septembermøtet

 Septembermøtet var ein suksess med fullt hus og mange som var glade for å være i gang att. Kjekt å få sjå kva medlemmane har styrt med siste året! 

Vi har hatt vis og fortel på dei digitale møta våre, men det er noko heilt anna å få studere på nært hold, spørje og få tips av kvarandre!

Tema for dette møtet var Redesign, og Synnøve og Torunn hadde eit flott foredrag med modellar rundt dette temaet.











Eit skikkelig flott minneteppe! Her er det mange ulike gamle rariteter/kuriosa samla!!