lørdag 2. desember 2017

2. desember!

I dag kan du starte på eit hjerte som tek litt meir tid, men du har kanskje litt ekstra tid når det er blitt helg??

Hjerta som kjem på bloggen her vil være laga i ulike teknikkar og materiale, men alle innan tekstil. Stitchery er broderi på norsk, og vi ser ofte fine kombinasjonar av lappeteknikk og broderi.

Dagens hjerte er sydd i korssting, kva stoff du vil sy på kan variere, alt frå god gammaldags Aidastoff, til linstoff eller anna stoff der det er tydelig "vevstruktur" slik at du får til å sy fint og beint.
Hjertet er funne på Pinterest.


Du kan bruke hjertet til mange ting, til broderi på ein duk, til å setje i eit lita ramme som bilde eller til å klippe ut hjerteforma og fylle det med vatt og lage juletrepynt!
Lykke til med dagens hjerte!

Ingen kommentarer: