fredag 28. februar 2020

Ei kjekk helg i vente!

Denne helga har vi årsmøte og kurs, og dette er alltid ei helg vi gleder oss til!

Velkommen til alle våre medlemmar som no har meldt seg på kurset med Helle C Løwenskiold, dette skal bli kjekt veit vi! Helle har vore hos oss fleire gongar, og som alltid med fulle kurs og med stor suksess!

I år skal vi sy "rundinger" med linjal, noko vi ikkje har prøvd før, så dette gleder vi oss til.  Det heiter "Drunkards path med malsett". Vi startar opp kurshelg no fredag ettermiddag.


(Bildet er lånt frå internett)

Lurdag formiddag har vi årsmøte kl 10-12, med lunsj etterpå og så fortset kurset ut helga!

 Fredag: Kl. 18 - 21 
·         Lørdag: Kl .13 -   ca.  18.30 
·         Søndag: Kl. 10 - 15

Vi gler oss og velkommen til Helle!

mandag 3. februar 2020

Februarmøte!

Vi er begynt på Februar og tysdag 4.2 gler vi oss til å møtast igjen!

Litt info om kvelden:


  • Etter litt spørsmål frå medlemmer om vatt, så vil Ingun frå Sybutikken Primula Design vise oss ulike vattsortar ho har i butikken.

          Det finst eit stort utval av vatt, så her legg vi opp til at medlemmane deler sine erfaringar med         bruk av vatt i ulike sorter av quiltar.  Etterspørsel er også viktig når butikken skal ta inn vatt, så her har vi ein fin sjanse til å påvirke!!  

         Synnøve har også funne fram ulike vattprøver ho har frå tidlegare, desse tek ho med så vi kan sjå og kjenne på dei!





  • Vi hadde eit lærerikt og kjekt linjalkurs med Ingun søndag 19.1. Oppfordrar alle som var med til å ta med det dei sydde på, om det ikkje er ferdig, gjer ingenting.  Vi ser på kva for linjaler vi brukte og håper å inspirere andre til å bruke linjalane. Og så tek vi gjerne imot ønsker om fleire linjaler som vi bør repetere!!
  • Det nærmar seg årsmøte med kurs, kurset med Helle Løwenskiold er fulltegna, og vi minner om  at det er bindande påmelding innan ein gitt dato. Du kan setje deg på venteliste om det er ynskjelig. Dette vil kursleiar orientere meir om. 
  • Vi håpar at mange vil komme på årsmøtet som er 29.2, det blir servert lunsj etterpå, men vi kjem til å ha påmelding til denne. Dette er også lunsj for dei som skal gå på kurset denne helga.
Av andre kjekke ting på møtet vert det:
  • Sybutikken Primula Design har med nye stoff, og som sist så stiller butikken med kjempetilbud igjen! 10 stoff for kr 400 for den som treng påfyll!
  • Vis og fortel
  • Kaffipause v/matvertane: Anne Marit Starheim, Inger Karin Starheim, Hilde Strøm Os og Laila Utnes Piel.
  • Lotteri

Velkommen!