Viser innlegg med etiketten blåtur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten blåtur. Vis alle innlegg

søndag 20. september 2026

På tur i regnveret!

Laurdag 19.september var dagen for ein medlemstur. 

Ikkje heilt ein blåtur, for alle visste om målet, vi får kanskje kalle det ein GRÅTUR, for her på Vestlandet var det regn som ausa ned og fare for både flaum og ras!! Men turen vår gjekk som planlagt til Førde og butikken "Trapp ned" der Marit tok imot oss og hadde forlenga åpningstid.


Bildet av butikken er lånt frå butikken si Facebookside, og som de les, så hadde vi eit heilt anna ver enn det som er på bildet!!


Marit har drive butikk med stoff i mange år, og den er fyllt av mange inspirerande modellar. Utvalget i stoff er stort og variert, og har både nye stoff og stoff frå mange tidlegare kolleksjonar. Så her kan vi plutselig finne ein bit av akkurat det eine stoffet som vi treng!

Bilda viser litt av både modellar og stoff,  og sjølve lokalet er med på å danne denne koselige butikken.












I eine hjørnet av butikken er alle julestoffa samla og i vindauget ut mot gata finn vi mange små Tildakaniner, fint pynta med kjolar i småblomstra stoff. Mønster ligg gratis på Tilda si side, og lurt å forstørre opp mønsteret litt pga. små delar på originalen.













                                                        Fine mus frå boka "Tildas jul".

Butikken har også eit lokale som er brukt både til kurs og møte i quiltelaget , her fekk vi ein koselig kaffipause rundt langbordet og vi kunne nyte all pynten på veggane i det nydelige lokalet. 









Vi takkar Marit for ein triveleg dag i butikken, og vi reiste heim med mange idear, sytips om både quilting, info om bruken av ulike vatttsortar og saum av både kle og praktiske bruksting.

Tek også med at ho har pr. no nokre få ledige plassar på Collagekurs med Elisabeth Juul Andersen 12.-14. februar neste år. Kontakt butikken om du er interessert!





torsdag 13. juni 2024

Bilder frå tur til Syvde!

 Søndag 9.6 reiste rundt 25 medlemmer på tur til Syvde. Dette var egentlig tenkt som blåtur, men av erfaring er det lurt å fortelje kvar vi skal og så får det "blå" heller være dei opplevingane ein får når ein er framme.

Første mål var besøk hos to av medlemmane våre som bur i Syvde; Randi og Solfrid. Her viste dei fram quilting dei har laga over fleire år, i tillegg viste Randi fram betongkunst i hagen, dette er noko som ho driv med innimellom all quiltinga. Besøk hos ei som driv med skinn vart det også tid til.


















Siste del av turen gjekk til Almklovdalen på Åheim der det vart både kaker og kaffi, spekemat med meir. Ei flott avslutning på denne quiltesesongen!
















Takk til arrangørane av turen, de gav medlemmane våre inspirasjon og nye opplevingar i nærområdet!