søndag 31. mai 2015

Jubilantane!!!

Her er vi, 25 av 28 ivrige jubilantar som sydde nydelige blomster heilt ute ved havet.

Kursleiar Randi Røys i midten framme.

I to dagar, berre avbrotne av denne nydelege solnedgangen laurdag kveld, så vart det sydd mange ulike veggoppheng og løparar.


Kursleiar var kreative Randi Røys som var utruleg flink! Tusen takk Randi for alt du lærte oss og hjelpte oss med, alt frå fargeval av stoff, bruk av sting, og ikkje minst tålmodig rettleiing då vi skulle sy saman "labyrinten" av strimlar til botnen. Artig måte og utruleg dekorativt!

Her er eitt av produkta frå kurset, fleire bilder vil komme på bloggen seinare. Randi skal ha kurs nr. 9 på Vestlandstreff, og det som vi sydde denne helga, kan knytast direkte til kursopplegget som ho skal ha då!

Vil du sjå fleire bilder, så følg med når neste innlegg kjem!




tirsdag 26. mai 2015

Snart jubileumstur!!!

No er det berre få dagar att til vi reiser på jubileumstur!! Blåturen som ikkje er så veldig blå,.....for alle veit kvar vi skal! Men sjå berre kor mykje blått det er på bilda!

Over halve klubben har meldt seg på til arrangementet komande laurdag og søndag, så dette skal bli ei flott markering av at vi er heile 20 år!!

Turmålet vårt er som kjent heilt vest i Nordfjord, til Vedvik som er ei perle heilt ute ved storhavet.
Klikk på bildet så ser du det i større format.  Bildet er lånt frå www.vivest.no, her finn du også andre fine bilder frå Vågsøy kommune.

Her ute bur også nokre av medlemmane våre, dei har vore gode hjelparar i planlegginga.

Det er sendt ut info på epost til alle medlemmane, så les den no om du ikkje har gjort det. Der finn du også info om kva du må ha med deg til kurset som Randi Røys skal holde for oss!

Då gleder vi oss til ei helg med sying, god mat, god prat og flotte opplevinger i ein storslått natur. Vi får be vergudane om sommarver, då kan det kanskje bli litt bading også??
Mange vakre småstrender med kvit sand i Vedvik!

Velkommen til ei festhelg!!

søndag 3. mai 2015

Maimøte!

Tysdag 5.5 kl 18.30 er det igjen medlemsmøte på Stokkenes Gjestegard!

Dette vert siste møtet før sommaren fordi vi legg Jubileumshelga (30.-31.5) tett inntil datoen vi skulle hatt junimøtet (som vi har avlyst). 

  • På møtet vert det info om Jubileumshelga og påmelding. Dei som ikkje kan møte, kan melde seg på ved å kontakte ein i styret.
  • Info om kursa på Vestlandstreff. NB! Det er høve for medlemmane å melde seg på kurs også! Link til kursa vert lagt ut på bloggen 4.5.
  • Aktivitet på møtet denne gongen er ved Grete M. Ho vil vise oss korleis ein syr ei lommebok. 
  • Vis og fortel.

Dette må du ta med deg:
  • Symaskin, skjæreutstyr.
  • Stoff til ytterside 50 x 60 cm
  • Stoff til for          50 x 60 cm
  • Vliselin H250      50 x 60 cm
  • Glidelås ca 15 cm
  • 2 trykknappar
NB! NB! Det er sendt ut epost til alle medlemmane med mønster, denne må de skrive ut og ta med dykk til møtet!!
Vel møtt!

fredag 1. mai 2015

Invitasjonen er sendt ut!

I går vart invitasjonen til årets Vestlandstreff postlagt! Den går ut pr brev til alle quiltelag på Vestlandet som vi har funne adresser til, så då må medlemmane få den info dei treng frå sine lag.

Som nemnt tidlegare er treffet ope for alle, uansett kvar ein kjem frå og om ein er med i eit quiltelag eller ikkje. Om eit par dagar vert det langt ut link til invitasjonen her, då kan ein laste den ned sjølve. Pga. helg og sakte postgang vil ikkje invitasjonen nå fram før over helga. Sidan påmeldinga er etter "først til mølla"-opplegg, ventar vi med linken her slik at det vert mest mogleg likt for alle.

Vi gler oss til å ta imot mange kreative quiltarar, og vi kan nemne at fredag vil Wenche Wolff Hatling holde foredrag for oss! Det vert også fleire butikkar, så alt ligg til rette for at vi skal få ei flott helg.

Den endelege kurslista vår har no 11 ulike kursholdarar med 18 kurs, og vi har eit drop-in kurs.
Påmeldingsfristen er 15.6!