Dette vert siste møtet før sommaren fordi vi legg Jubileumshelga (30.-31.5) tett inntil datoen vi skulle hatt junimøtet (som vi har avlyst). 
- På møtet vert det info om Jubileumshelga og påmelding. Dei som ikkje kan møte, kan melde seg på ved å kontakte ein i styret.
 - Info om kursa på Vestlandstreff. NB! Det er høve for medlemmane å melde seg på kurs også! Link til kursa vert lagt ut på bloggen 4.5.
 - Aktivitet på møtet denne gongen er ved Grete M. Ho vil vise oss korleis ein syr ei lommebok.
 - Vis og fortel.
 
Dette må du ta med deg:
- Symaskin, skjæreutstyr.
 - Stoff til ytterside 50 x 60 cm
 - Stoff til for 50 x 60 cm
 - Vliselin H250 50 x 60 cm
 - Glidelås ca 15 cm
 - 2 trykknappar
 
NB! NB! Det er sendt ut epost til alle medlemmane med mønster, denne må de skrive ut og ta med dykk til møtet!!
Vel møtt!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar